Og flest i høve folketalet.

NPK
NPK

Berre åtte land har fleire nobelprisar enn Noreg sidan år 2000. USA toppar lista 71 vinnarar, Storbritannia på andre med 12, medan Noreg endar på niandeplass med 3.

LES OGSÅ:Det femte Nobel-ekteparet

Det viser ei undersøking Times Higher Education har laga, omtalt i Uniforum. I oppteljinga er ikkje Nobels fredspris og nobelprisen i litteratur inkluderte. Då sit ein att med 146 prisutdelingar, der amerikanske forskarar har fått 71 av dei. Åtte av dei ti universiteta med flest prisvinnarar er amerikanske.

Ekteparet Maj-Britt og Edvard Moser frå NTNU fekk Nobelprisen i medisin og fysiologi i fjor, medan Nobels minnemedalje i økonomi gjekk til Finn E. Kydland frå Norges handelshøgskole i 2004.

LES OGSÅ: Kan hjernen bli full?

Før år 2000 har fem nordmenn vunne dei vitskaplege Nobelprisane. I tillegg har tre vunne litteraturprisen og to fredsprisen.

QUIZ: Kva veit du om Fredsprisen og Litteraturprisen?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.03

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE