Matauk i asfaltjungelen

Ida Bergitte Andersen Hundvebakke
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Midt blant betong, asfalt, tunnel, bygging og gravemaskiner openberrar han seg: Herligheten parsellhage. Her på Sørenga har det blitt dyrka til den store gullmedaljen i fire sesongar.  

– Mange trur det berre er byøkologiske hipsterar mellom 25 og 35 år som held til her, men eg lyg ikkje om eg seier at me nesten har eit tverrsnitt av befolkninga. Me har alt frå barnehagebarn til pensjonistar til pizzabakar til studentar til akademikarar. Her står folk som aldri elles ville snakka saman og pratar saman om korleis ein best kan dyrke gulrøter, seier  Kjersti Kanestrøm Lie, styreleiar i Herligheten Parsellhage.

LES OGSÅ: Internasjonale klimapatriotar

5000 interessentar
Parsellhagen starta eigentleg som ein del av eit kunstprosjekt som Bjørvika Utvikling tok initiativ til. Kring 90 parsellkasser skulle loddast ut, 5000 personar meldte si interesse.

– Etter kvart etablerte vi Herligheten som eit eige parsellkollektiv, bygd på at alle skulle ta i eit tak. Baktanken var at alle skulle få prøve seg på dyrking. For mange forsøker dette for første gongen. Etter kvart har nokre falle frå, og nye kome til. Og det er heilt legitimt å finne ut av dette ikkje er noko for ein.

LES OGSÅ: Bærekraftmisjonæren

Håpar å kunne bli skulehage
For å få tildelt parsell kan du ikkje ha tilgang til hage frå før. Utover det er det ikkje så mange reglar. Innmeldinga kostar lite og alt vert drifta på dugnad. Etter kvart har det kome til sæter og bier også.

– Vi lever litt på ubestemt tid. Opphavleg skulle vi få vere her i tre sesongar, så no er me her på lånt tid. Men me håpar å kunne vere her lenge og at Herligeten vert ein integrert del av bydelen. Etter kvart kjem det ein stor barne- og ungdomsskule rett bak her. Håpet er at Herligheten kan bli ein skulehage for dei.

Kjersti Kanestrøm Lie (f.h) dyrkar parsell saman med Jenny Dellegård midt i Oslo.

LES OGSÅ: Stor draum i mikrohus

Bydel i rivande utvikling
Lie er både forkjempar av parsellhagar, og av Bjørvika som heilheit. Ho har hatt eit sterkt forhold til bydelen heilt sidan ho begynte å jobbe på teaterbåten Innvik som 16-åring.

– Bjørvika har hatt ei enorm utvikling dei siste 10 -15 åra der ein har forsøkt å gjere bydelen levande. Eg håpar at dette kan bli eit område der alle føler seg velkomne, ikkje berre folk med pengar. Då er eit initativ som Herlighet viktig.

Dyrkinga skjer som nemnt midt i asfaltjungelen, men Operatunnellen under seg. Det har difor gjort målingar på om maten er trygg å ete.

– Ein av dei tilsette i Bioforsk hadde parsell her tidlegare. Han målte og konkluderte med at det ikkje er farleg å ete maten her. Det einaste er at ein bør skylje maten før ein et han då det er svevestøv i området.  

LES OGSÅ: Drøymer om omstilling

Forstår jobben som ligg bak
Etterspørselen etter parsellhage var som nemnt stor, og framleis står det kring 15 namn på venteliste til kvar tid. Lie trur det er mange årsaker til at folk ynskjer å vere med. Sjølv har ho alltid likt å halde på med jord og dyrking, men før Herligheten kom stod ho i fleire år utan moglegheit til å halde på interessa.

– Eg trur det er samansett kvifor det har blitt så populært. Folk er oppteken av klima og vil ta vare på naturen. Då ser dei det som ei plikt å også lære om han. Mange her er oppvaksne i Oslo og har aldri tatt i eit frø før dei kom hit. Folk er dessutan opptekne av økologisk og kortreist mat og her har dei moglegheit til å finne ut korleis han vert til. Når ein ser kor mykje jobb og tid det ligg bak å dyrke fram ei gulrot vil ein også i større grad anerkjenne den jobben dei som dyrkar mat i Norge i dag gjer.

Det er ikkje mange hagar som får taggarar på besøk.