11.000 måtar å skru av Wi-Fi på

Sjur Hatlø har jobba som språkekspert i Google sidan september, og er ansvarleg for talestyringsfunksjonen til Android-telefonar, OK Google, på norsk.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Apple sin talestyringsfunksjon, Siri, tar også norsktimar for tida, men Google var først ute. OK Google blei gjort tilgjengeleg på norsk for 2-3 veker sidan, gjennom ein såkalla "soft launch". Det vil seie at ikkje alle funksjonane er heilt klare enno, men det kjem gradvis. Sentralt i arbeidet sit ulsteinvikaren Sjur Hatlø. Han har eineansvaret for at norsken i OK Google er som den skal.

– Det er meininga at alle funksjonar som er på Android-telefonen din skal kunne bli talestyrt, slår Hatlø fast.

I tillegg til at ein skal kunne kontrollere alle funksjonar på telefonen med norsk tale, jobbar dei ein del med kva telefonen skal svare tilbake.

– Vi jobbar ikkje noko med akkurat tale-delen av arbeidet, sjølve snakkinga, men vi genererer språket som blir lest inn i programmet av eit anna team.

Ufatteleg kompleks
Han prøvar å forklare den ufatteleg komplekse strukturen som står bak berre ein enkel kommando. Han fortel at for ein enkel funksjon som det å slå av Wi-Fi, fann dei 11.000 kombinasjonar i det norske språket som dei måtte ta høgde for.

–Målet er at ein skal kunne snakke med telefonen som ein snakkar med kven som helst, seier han.

I framstillinga tek han utgangspunkt i kommandoen "Send tekst til <kontakt>". Dette kan ein utvide ved å seie "Kan du sende tekst til <kontakt>", som igjen kan endrast til "Kan du sende ei melding til/ei tekstmelding til/ein sms til <kontakt>". Eventuelt kan ein seie "Vennligst send <kontakt> ein SMS om at…". Og slik fortset det i talrike variasjonar. Hatlø anslår at det finst rundt 7000 variasjonar av tekstmeldingskommandoen.

– Talestyringsappen din skal i utgangspunktet kunne forstå alle moglege måtar å seie ein kommando på, forklarar Hatlø.

Skiftande ordstilling og komplekse mønster skapar ein enorm jobb for dei som skal utvikle programmet. I Norge er det også ei utfordring med lange namn og dobbeltnamn, for "roboten" har vanskeleg for å vite når eit ord er ferdig og når eit nytt byrjar.

LES OGSÅ: App for tidsreiser

Blei headhunta til jobben i Google
Hatlø er opphavleg medievitar, men jobbar ikkje så mykje med det no. Han blei headhunta til jobben i Google, gjennom kontakter han har skaffa seg gjennom dei siste 8 åra i San Francisco-området.

– Du må kjenne til dei grunnleggjande byggesteinane i språket. Utover det, såg Google etter ein som hadde norsk som sitt morsmål. Ein må kjenne det norske språket frå innsida, seier Hatlø om jobben han har gjort sidan september i fjor.

Han fortel om lojalitetsforholdet som Google er kjent for å etablere med sine tilsette. Lønna er ikkje nødvendigvis så god, men dei får betalt i frynsegoder. Det inneber at Hatlø et dei fleste av sine måltid på "Googleplex", som campusen i Mountain View blir kalla. Der et han gratis og med restaurantkvalitet.

– Det finst også småkjøkken med kjøleskap fylt av alt du kan tenke deg av snacks. Det er også biljardbord, bordtennis og "Arcade"-hallar der ein kan spele PacMan, Space Invaders og mange andre spel. Eg leverer all klesvasken min der, og klipper gjerne håret mitt i frisørbussen som køyrer rundt på campus, ramsar han opp.

Men han innrømmer at det ikkje blir så mykje tid til all moroa.

– Det finst ei forståing av at "greit, vi er ikkje her for å spele heile dagen" innad i Google. Ein slags sjølvjustis, seier han.

LES OGSÅ: Får kunnskapen inn med appen

Likar seg
Jobben er prosjektbasert, så når han er ferdig med å utvikle OK Google, er han sannsynlegvis ferdig i Google.

– Alt som skjer etter Google blir nok sannsynlegvis ein nedtur, ler han.

Han har trivdes godt der, og seier det har vore ein meiningsfylt jobb.

– Det er fascinerande å vere med på eit slikt prosjekt som har betydning for veldig mange. Det er kult å ha vore med på å utvikle noko som folk kjem til å bruke, seier han.

LES SAKA I VIKEBLADET!