– Sterkt og rørande å sjå Hiroshima

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

På dagen 70 år etter at atombomba sprengde over Hiroshima, heiste Hildegunn Larssen Fjelland (16) frå Stord det norske flagget i minnemarkeringa på verdsspeidarleiren i Japan.

På leiren med kring 35.000 speidarar var dei fleste av dei japanske flagga heiste på halv stong torsdag 6. august. Éin speidar frå kvart land er med på den høgtidlege markeringa i Hiroshima. Alle speidarane frå Noreg var i Hiroshima tidlegare på turen.

– Det var veldig sterkt å høyra om alle skuleungane som blei drepne og sjuke av bomba, og sjå kor store øydeleggingar bomba faktisk gjorde, seier Hildegunn Larssen Fjelland til Framtida.

Speidarane var mellom anna innom fredssenteret i byen.

– Det var spennande med ein gong me gjekk inn i museet. Men det blei tyngre etter kvart. Eg byrja å kjenna det når eg såg kva folk hadde opplevd, seier Kristoffer Spissøy (16).

Hildegunn legg til at ho syntest det var kjekt å sjå kor mange som prøvde å hjelpa kvarandre etter bombinga.

– Veldig rørande, seier Andrea Maud Ottesen Mjønes.

MEINING:  På tide å forby bomba

Den raude kula markerer kvar bomba gjekk av. Like under ligg Atomic Bomb Dome. Foto: Anders Myhr Nielsen

Solkremen renn vekk
Alle speidarane frå Stord trivst godt på leiren. Men det er varmt. Til tider over 40 grader i skuggen. Og veldig stor luftfuktigheit.

– Solkremen berre renn av, fortel Hildegunn Larssen Fjelland.

Likevel har dei tatt finsk sauna på leiren. Den målte over 100 grader.

– Då var det faktisk kaldt å koma ut, ler Kristoffer Spissøy.

Elles kan speidarane fortelja om besøk frå den japanske statsministeren og kronprinsen, ein stuntpilot som teikna leirmerket med røyk i lufta, fyrverkeri, song og dans og mykje meir kjekt. I dag har dei vore med gruppearbeid om berekraftig utvikling og global helse.

– Korleis er det med maten, då?

– Me har ikkje sett så mykje sushi, men den me har spist har vore veldig god, seier speidarane. På leirområdet er det så som så, der får speidarane utdelt mat som dei lagar sjølve.

– Me har stått opp klokka 0415 for å få tak best mogleg mat, fortel Hildegunn.

– Er det noko de har blitt overraska over?

– Utanom varmen er det kanskje kulturforskjellane. Dei er veldig strenge på korleis me er kledde. Alle må ha t-skjorte på seg. Ikkje ein gong singlet er lov, seier Kristoffer.

– Dei har ikkje såpe, berre antibac, skyt Hildegunn inn.

– Elles er det veldig kult og sosialt, seier dei. Speidarane har hatt felles leirbål med speidarar frå fleire land.

LES OGSÅ: Speidar(ar) mot Japan

– Japanarane er våre største fans og vil gjerne ta bilde med oss og vil at me skal signera tingene deira, seier Hildegunn Larssen Fjelland.

Ei hending for livet
– Å vere på verdsspeidarleir er ei hending for livet. Her møter vi menneske frå andre land og kulturar som også er speidarar, og det er både interessant og inspirerande for norske speidarar å sjå korleis speiding er i andre delar av verda. Ikkje minst blir  det knytt vennskap for livet på slike leirar, seier Hans Eide i ei pressemelding. Han er leiar for dei norske speidarane som deltar på leiren.

Under leiren har speidarane bygt opp sine eigne leirområde, der dei bur, lagar mat og samlast til leirbål om kveldane, slik som på norske leirar. På dagtid deltar speidarane på ulike aktivitetar.

– Mange av aktivitetane på internasjonale leirar er ulike frå det me er vant til i Noreg. Mykje handlar om internasjonal solidaritet, kulturutveksling og å lære meir om det landet vi er i, fortell Eide.

LES OGSÅ: Speidarrørsla veks att

 Ein dag besøkte speidarae ei øy som heiter Miyajima. – Me var på toppen av fjellet, og her koste eg med eit av dådyra som gjekk fritt rundt, seier Hildegunn Larssen Fjelland.

Faktaboks

• World Scout Jamboree blir arrangert for 23. gong. Det er verdsspeidarleir kvart fjerde år.
• Leiren er i Japan, Yamaguchi, frå 28. juli til 8. august
• Leirplassen er 11 mil sørvest for Hiroshima og 80 mil vest for Tokyo.
• Om lag 35.000 deltakarar frå nær 150 land frå alle kontinenta
• Tema for leiren: «Wa: A Spirit of Unity»
• For fire år sidan, i 2011, blei leiren arrangert i Sverige (Skåne)
• Noreg har hatt arrangementet ein gong, i 1975 på Lillehammer. Då deltok over 17.000.
• 855 speidarar og leiarar deltar frå Noreg. Det er den største norske kontingenten nokon gong.
• I Noreg er det rundt 30.000 speidarar