Sjekk kjæledyret til Antonina!

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Artikkelen er henta frå Porten.no

Det heile byrja tidlegare i sommar rundt den årlege klekkinga av måkeungar. Ein liten, brun dott trippa og vingla omkring i bilvegen i sentrum av Årdalstangen. 

Etter å ha observert den ei god stund, fann Antonina ut at ho måtte få flytta den brune dotten ut av vegen. Ho oppdaga då at dette var ein måkeunge, og såg seg rundt etter måke-foreldra.

– Den var veldig kald og redd, fortel ho.

LES OGSÅ: Blossom er den høgaste kua som har levd

Hamsterbur og kattemat
Då det ikkje vart nokon reaksjon frå måker i nærleiken, valde Antonina å ta med ungen heim, og gav den namnet Wicki. 

– Dei fyrste dagane budde Wicki i eit hamsterbur. Buret stod ute på dagen, men me tok det inn på nettene. 

Den fekk kattemat med fiskesmak og egg, og vokste seg raskt større. Då behovet for mat auka, vart Wicki servert ei blokk med seifilet kvar dag, samt brød. 

Hamsterburet vart fort for lite, og måkeungen fekk flytta ut i hundegarden i hagen. Med eigen badebalje, tallerken til mat og open dør ut i hagen, såg det ut til at Wicki hadde det som plommen i egget. 

Antonina Elisabeth Zerbst har god kontakt med måkeungen

Wicki kjem når Antonina ropar namnet hennar eller ordet "möwe" som betyr måke på tysk. Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen

Kontakt
Det er ikkje uvanleg at dyr får namn, og dei fleste kjæledyr forstår namnet sitt og kjem når ein ropar namnet. 

Litt meir utradisjonelt er det når Antonina står på garasjetaket til naboen og ropar "Wicki", og får eit måkeskrik til svar. Deretter flyg Wicki og landar ved sidan av matmora si. 

Antonina og Wicki har ein særs spesiell kontakt, men ho ser samstundes realiteten i at dette ikkje er nokon varig løysing for nokon av partane. Ho er difor oppteken av at måkeungen skal gå fritt og fly dit den vil. 

LES OGSÅ: Kva ville skjedd utan biene?