Fleire ungdommar investerer i aksjar

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fleire investerer i aksjar

– Ikkje berre i Noreg, men òg elles i Europa har det vore ei utfordring at det har vore ei nedgåande trend av aksjonærar og at det har vore ei forgubbing, seier leiaren i Aksje Norge Lene Refvik.

Økonomisk sans
Ho kan gle seg over tal som syner at fleire unge i aldersgruppa 18-29 år handlar med aksjar. I første kvartal i år var talet på aksjonærar i denne aldersgruppa rett i overkant av 45.000. På same tid i fjor var talet 42.301.

Aksje Norge-leiaren vil auke kunnskapen om aksjar og rår alle unge til å orientere seg i marknaden og setje av pengar anten i aksjar eller fond, med tanke på framtida og pensjon.

Nettopp dette har Helene Sunde (22) gjort. Sidan januar i år har økonomistudenten gjort månadlege kjøp i aksjefond

– Mykje av grunnen til at eg byrja å spare i fond er at eg i dag ikkje vil oppnå ein stigande verdi på sparepengane mine som eg har i banken på ein vanleg sparekonto. Ved å heller investere i fond, og kombinere ulike fond, vil eg kunne redusere risikoen for tap, samt sikre meg ein betre avkastning på sparepengane mine enn kva eg ville fått i banken, forklarer ho til Framtida.no.

Sunde held til dagleg på med ein bachelorgrad i økonomi og administrasjon ved Høgskulen i Bergen og arbeider ved sida av studiane ved Sparebanken Sogn og Fjordane.

22-åringen tenkjer langsiktig med sine investeringar, noko som er første bod frå Aksje Norge-leiaren.

LES OGSÅ: Banksjef ber folk tømme sparekontoane

Statoil-arv
Refvik ser ein klår samanheng mellom dei som har aksjeinteresserte foreldre som investerer på deira vegne, som ofte fortset å spara slik sjølv. Ho trur noko av auken kan skuldast at dei under 18 år har vekse inn i neste aldersgruppe og halde fram som aksjonærar.

Helene hadde sjølv ein far som kjøpte aksjar i Statoil til ho då ho var lita.

– Min far har alltid vore oppteken av aksjehandel, og når eg fikk tilbodet om å vere med i ei aksjeforening, såg eg dette som ein god moglegheit til å lære meir om aksjar. Dette har igjen vert med på å auke mi interesse for aksjar og den økonomiske marknaden generelt, seier Sunde, som var engasjert i ei aksjeforeining på Høgskulen inntil engasjementet vart for tidkrevjande.

Ho rår unge til å starte tidleg med investering i aksjar og fond som sparing.

– Etter som eg sjølv investerer i fond, er dette ein type sparing som eg absolutt anbefaler andre også å gjere. Når det kjem til å investere i aksjar, så er det nok lurt å først og fremst gå inn i selskap eller sektorar som du kjenner til, og på den måten vil det vere enklare for deg å kunne forutsjå samt forstå endringar som vil ha ein pårekning på selskapet eller sektoren og aksjens verdi. Elles er det viktig med ei diversifisert portefølje, for minst mogleg risiko. Følg med på nyheiter og trendar i marknaden, rår 22-åringen.

LES OGSÅ: Fleire unge har pensjonssparing

Leiar i Aksje Norge Lene Refvik rår alle unge til å  investere i fond eller aksjar om dei har moglegheita.

Enkel investering
Òg leiaren av Aksje Norge meiner aksjefond er ein god plass å starte for unge, dersom ein ikkje har kapasitet til å følgje marknaden tett.

– Då har du ein som forvaltar pengane på dine vegne av deg og følgjer marknaden veldig nøye. Eventuelt kan ein ha eit aksjefond som berre er basert på ein index og svingar med aksjemarknaden. Då slepp ein òg å følgje med frå dag til dag på enkeltaksjar, rår Refvik.

Ho peikar i likheit med Sunde på at det i dag er viktig at ein tenkjer godt igjennom kvar ein investerer pengane sine, fordi det er ei veldig låg rente i banken.

– Ein tanke når det gjeld pensjon, for no er det jo opp til kvar enkelt av oss og spara til pensjonen vår sjølv. Så då må me planleggje kva me treng av pengar i framtida og passe på at ein har det. Historisk sett er det på aksjemarknaden at ein får størst avkastning på aksjane sine. Så ein bør absolutt ha det som ein naturleg del av sin sparing, seier Refvik.

Jo tidlegare ein byrjar, jo betre vert avkastninga. Det er mykje meir gunstig å byrja tidleg med ein liten sum, enn å byrje seint og skulle betala ein mykje større sum

– I tillegg til avkastingsperspektivet er det noko med å vere engasjert i norsk næringsliv som er veldig viktig. Det å ha nordmenn som er engasjert i næringslivet og følgjer enkeltselskap som er notert på Oslo børs er bra for samfunnet som heilskap. Og det er jo gøy å eige ei aksje og følgje med på dei selskapa ein investerer i, meiner Aksje Norge-leiaren.

Ho gler seg over at rekrutteringstiltak som aksje-NM, berre vert meir og meir populære.

QUIZ: Forstår du deg på økonomi?

Positivt overraska
Men sjølv om ungdommen kjem til, er det framleis dei eldre som dominerer. Og Helene Sunde har møtt nokre heva augnebryn.

– Når eg var på Oslo Børs for et autorisasjonskurs fekk eg reaksjonar på at eg var veldig ung, frå nokre andre kursdeltakarar. Elles ikkje noko anna enn at folk er positivt overraska, fortel 22-åringen.

LES FLEIRE SAKER OM PRIVATØKONOMI HER!