Fleire unge har pensjonssparing

Fleire 20-åringar enn 50-åringar har oppretta pensjonssparing i år, viser tal frå finanskonsernet DNB.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Unge flinkare enn eldre

At det er fleire unge enn folk i 50-åra som har teikna seg i DNB-pensjonsspareordninga, er overraskande, seier direktør for pensjon i DNB, Bengt Olav Lund, til VG.

– Det er merkverdig og kom svært overraskande på oss. Det har skjedd ei dramatisk positiv utvikling når det gjeld pensjonssparing. Vi ser for første gong ei vriding der det er fleire i 20-, 30- og 40-åra som opprettar pensjonssparing, enn folk i 50-åra. Det er eit klart brot på ein historisk trend der folk i stor grad har begynt sparing først når dei er rundt 50, seier Lund.

Tala viser at medan folk i 50-åra for fem år sidan utgjorde 43 prosent av dei som brukte den mest populære pensjonssparinga i banken, har delen no sokke til 15 prosent.

Det er fleire i 20-åra som har teikna seg, men dei aller fleste som har sett i gang sparing, er i 30- og 40-åra. (©NPK)