Over 1.000 påmelde til AUF-leiren på Utøya

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Leiren er den første på Utøya sidan terrorangrepet for fire år sidan.

– Eg er veldig stolt av at det er så mange påmelde til sommarleiren i år. Truleg er det vårt høgste tal hittil, sa AUF-leiar Mani Hussaini (bildet) på ein pressekonferanse som markerte opninga av Utøya-leiren.

LES OGSÅ: AUF-leiaren: Ingen fødd til å hata

Vidare opplyste Hussaini at AUF hadde fått over 5.000 nye medlemmer sidan 2011.

– Dette vil alltid vere ein stad som er prega av terrorangrepet i 2011, men å ta staden i bruk handlar om å ikkje la mørket vinne. Vi har bygd Utøya opp igjen bit for bit, og derfor er det eit stort steg å ha sommarleir på Utøya igjen, sa Hussaini.

Temaet for sommarleiren i år er internasjonal solidaritet i eit generasjonsperspektiv. Vinnaren av Studentenes Fredspris for 2015, Aayat Alqormozi frå Bahrain, vil halde tale for AUF-arane på leiren. Den 23 år gamle kvinna har gjennom fredelege og ikkje-valdelege demonstrasjonar blitt eit symbol på motstanden mot regimet i Bahrain. (©NPK)

LES OGSÅ:Ho inspirerer studentar over heile verda

Bilde henta frå Instagram.com/aufnorge