Debatten blir krangla vekk

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Sjølvsagt skal det vera temperament og engasjement i debatten. Men det vart ubehageleg då dei gjekk til angrep på enkelte parti om løftebrot i regjering, seier Silje Holm Carlsen (16) frå Luster.

– Dette skal vera ein kommunal debatt, då blir det veldig usakleg, legg ho til.

Ho fortel om debatten på Gaupne ungdomsskule i høve lokalvalet 2015. Den generelle tonen i debatten fekk ho til å reagera. Ho merka seg at fleire politikarar rakka ned på kvarandre og motstandarpartia, framfor å diskutera det som faktisk var saka, og snakka ut i lokalavisa.

Ho har klare tankar om korleis ho meiner politikarar bør oppføra seg i debatten.

– Politikk handlar om å samarbeida. Det er betre å trekka kvarandre opp, i staden for å trykka ned. Dette er slikt me lærer i grunnskulen, seier Silje, som også understrekar kor viktig det er å vera sakleg i debatten.

LES OGSÅ: Korleis få unge til å stemma – og kvifor

Den gode debatten

Lustringen er ikkje åleine om å kritisera tonen som ofte dukkar opp i debattar. Det er ikkje uvanleg at debattantane hevar stemma og går til angrep, i staden for å halda ein sakleg tone. Det påpeikte også retorikar Kjell Terje Ringdal då Framtida.no snakka med han om den gode debatten tidlegare.

– Norske politikarar nyttar eit vanskeleg språk og det verkar meir som krig enn meiningsutveksling, seier Ringdal.

Han skreiv også ein kronikk i Aftenposten om den norske debattstilen den gongen, der trakk fram korleis ein kaotisk debatt-stil og det vanskelege politiske språket gjer at unge ikkje bryr seg om politikk. Ringdal frykta at det kunne føra til ei «massakre av den ungdommelege valdeltakinga» i 2013.

Han tok heldigvis feil – den ungdommelege valdeltakinga fekk faktisk eit solid hopp i 2013, samanlikna med førre stortingsval. 66,5 prosent av dei mellom 18 og 21 år nytta stemmeretten sin, 10,3 prosent meir enn i 2009. Det viser undersøkinga til Johannes Bergh ved Institutt for samfunnsforsking.

Også i aldersgruppa over, 22 til 25 år, var auka i valdeltakinga god.
I kommune- og fylkestingsvalet i 2011 såg me ei liknande utvikling. Ungdommen mobiliserte, kanskje hjelpt av stemmerettsforsøket for 16- og 17-åringar, og lokalvalet i 2011 vart det beste for ungdom på 20 år.

Grunnskulekunnskap
Sjølv om valdeltakinga blant ungdommen fekk eit løft i både stortingsvalet og lokalvalet i førre runde, kan debattane framleis vera vanskelege å følgja, som Silje Holm Carlsen fekk oppleva i Luster. Ho håpar å sjå at politikarane trekk kvarandre opp, i staden for å trykka ned.

– Er det ein litt naiv tanke, at alle politikarane skal samarbeida? Dei konkurrerer trass alt om stemmene i valkampen.

– Jo, eg ser den, svarar Silje. Ho trur likevel tendensen ho såg i debatten kan snu rundt.

– Eg trur det. Det må jo det. Gamle vaner er vonde å venda, men om alle går inn for å snu, vil det gå. Me lærer i 1. klasse at alle skal få vera med, held ho fram.

Ho seier det er naturleg at det har blitt slik.

– Det kan vera lettare å vera negativ enn positiv. Det er noko ein kjenner seg fort igjen i, seier 16-åringen.

Då Sogn Avis omtala saka, snakka dei òg med ordførar i Luster kommune, Ivar Kvalen (Sp). Han oppmoda alle lokalpolitikarane til å lytta til det Silje Holm Carlsen seier.

– Dette viser at tiandeklassingane er godt reflekterte, og ikkje minst opptekne av korleis ein formidlar bodskapen sin, sa han til Sogn Avis.

LES OGSÅ: – Ein god debatt er ein styrt debatt