16 prosent av alle tilfelle av demens kan kome av eksos, ifølgje studien som Dagens Nyheter har fått innsyn i.
– Vi har funne ein uventa sterk samanheng, seier professor i miljømedisin, Bertil Forsberg, som har leidde studien, til avisa.
Rundt 300 av dei 2.000 personane som deltok i studien, utvikla alzheimer eller vaskulær demens på ein 15-årsperiode.
Den fjerdedelen av deltakarane som budde i område med mest eksos i lufta, hadde 40 prosent større risiko for å få demens enn fjerdedelen frå område med minst eksos.
I studien er det teke omsyn til andre faktorar som alder, livsstil og BMI. (©NPK)