Framstegspartiet stiller 24 prosent færre listekandidatar til kommunevalet i år enn i 2011.

(NPK-NTB):
(NPK-NTB):

Tal NRK har henta inn viser at også dei andre store partia har ein viss nedgang i talet på listekandidatar, men ingen av dei mistar så mange som Framstegspartiet.

LES OGSÅ: Ordførarmakt gir veljarflukt for Høgre og Frp

– Det er nok eit resultat av at vi stiller liste i litt færre kommunar enn i 2011. Så er det alltid slik at enkelte gir seg med lokalpolitikk, medan nye kjem til i ein fireårsperioden. Men fram mot dette kommunevalet er det nok færre som har hatt ønske om å stå på liste, seier Os-ordførar Terje Søviknes, som leier det kommunalpolitiske utvalet i Frp til NRK.

Han ser ikkje vekk frå at regjeringsslitasje og misnøye med kompromiss partiet har inngått etter å ha komme i regjering, kan ha forsterka kandidatflukten.

– Det er klart at å komme i posisjon kan innebere at ein må forhandle og gå på akkord med sine eigne og ikkje minst partiet sine primærstandpunkt. Det kan vere krevjande i ein del situasjonar, men det blir drøfta gjennom og det blir orientert om, avsluttar Søviknes. (©NPK)

LES OGSÅ: Auka innsats gir ikkje fleire veljarar

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.03

Kommentarar

ANNONSE