Sving av hovudvegen og opplev Noreg
Gjer bilturen i sommar meir spanande og legg turen utanom allfarveg. Svingar du av hovudvegen, tek ei ny bok mål av seg til å guide deg til ete- og overnattingsstader med det vesle ekstra.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Skjulte skattar i Noreg
– Det er eit paradoks at mange nordmenn er betre kjent på Kanariøyane enn i Noreg. Skal du kjenne utlandet, bør du først kjenne ditt eige land. Det er mykje spanande rundt om, seier vegbokredaktør Per Roger Lauritzen i NAF.
Gjennom boka «Utenfor allfarvei. Overnattings- og spisesteder med sjel» slår NAF eit slag for distriktsnæringane og reise i eige land.
– Det er eit stort poeng for oss å vise fram kva som finst. Hovudpoenget med denne boka, på lik line med NAF-boka, er å få folk til å stoppe.
Akkurat det er Reidar Stangenes i Norsk Kulturarv samd i.
– Det er jo slik at vegboka til NAF like gjerne kunne heitte «NAFs stoppebok». For NAF har gjort ein suveren jobb for å få folk til å feriere i Noreg, seier Stangenes

– Me skal ta vare på fortida gjennom notida, seier vertinna Johanne Marie Heggebø på Eide Gard i Vindafjord i Rogaland. Foto: Per Roger Lauritzen
LES OGSÅ: Læraren Jan Petter syklar verda rundt
Samarbeid om særeigen stader
No har interesseorganisasjonen for bilistar og kulturarvvernarane samla kreftene. Resultatet er ei tur- og inspirasjonsbok med rik informasjon om historia, vertskapet og maten på staden, i tillegg til området rundt. Målet er å få folk til å utforske desse særeigne stadene, som ikkje alltid ligg tett på hovudvegen, fortel vegbokredaktør Lauritzen.
– Boka er for vegfarande. For folk på ferie i Noreg.
– Er dette ei bok du kan bruke for seg sjølv, eller berre saman med den velkjente NAF-boka?
– Ho står seg godt åleine, men med NAF-boka får du også meir informasjon om områda rundt og kart for å finne fram.
– Men det går heilt fint å bruke ho for seg sjølv, legg Lauritzen til.

Finnøy Havstuer er ein av seksti overnattings- og serveringsstader som er plukka ut i boka "Utenfor allfarvei". Foto: Per Roger Lauritzen
Handplukka stader med sjel
Boka tek for seg nær seksti unike serverings- og overnattingsstader i heile landet. Etter innspel frå fylkeskommunane har Norsk Kulturarv og NAF plukka ut stadene, for deretter å reise rundt for å intervjue og skrive om dei.
– At stadene hadde ei interessant historie og at dei var godt over normalen i bruken av lokal råvarer var viktig for oss, seier Reiar Stangenes i Norsk Kulturarv.
I boka finn ein utfyllande informasjon om kvar plass.
– Det var avgjerande for å bli med i boka at vertskapet kan formidle historia til gjestene sine – at gjestane får meir enn mat, fortel Stangenes.
Slik sett er det stader med det vesle ekstra ein finn i den rikt illustrerte boka, og det er ikkje til å komme unna at det byr på god profilering for dei som er omtala.
– Skal me ta vare på norsk kulturarv må me sørgje for at det blir skapt inntekter til å ta vare på stadane. Mottoet vårt er «vern gjennom bruk», og når me får spreidd kunnskapen om desse plassane, er det svært nyttig i den samanheng.

Walaker Hotell i Luster i Sogn og Fjordane er det eldste hotellet i Noreg. Her har dei drive hotelldrift i 375 år. Hotellet er ein av favorittane til vegbokredaktør Per Roger Lauritzen i NAF. Foto: Per Roger Lauritzen
LES OGSÅ: Nordmenn reiser med magen
Kvantesprang
Vegbokredaktør Per Roger Lauritzen har reist mykje i Noreg gjennom mange år. Han har opplevd at det har skjedd mykje med maten ein får langs med vegen.
– Det har skjedd eit kvantesprang! Og då tenkjer eg ikkje berre på stader som Bekkjarvik Gjestgiveri med meisterkokken Ørjan Johannesen. Det er også mange andre som legg sjela si ned i arbeidet med lokale råvarer for å lage god mat. Me har ingenting å skamme oss over her i landet, og boka er eit forsøk på å vise fram nettopp det.
– Til slutt, nokre favorittar i dette langstrakte landet, Lauritzen?
– Personleg er eg veldig glad i fyr. Difor er eg svært glad for at Lindesnes og Tranøy fyr er plukka ut til boka. At det er etablert så unike overnattings- og spisestader her, er eineståande, seier Lauritzen.
– Elles er Walaker Hotell, det eldste hotellet i Noreg, ein heilt utruleg plass. Har du ikkje vore der, er det berre å setje det på lista, oppmodar Lauritzen. (©NPK)
LES OGSÅ: Speidar(ar) mot Japan