MDG får likestillingskritikk

To forskarar har undersøkt prinsippa til Miljøpartiet Dei Grøne, og konkludert med at likestillingspolitikken ikkje er bra nok – men det er mykje potensiale.

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Får likestillingskritikk

Dei to forskarane er professor Agnes Bolstø og Stine Helena Bang Svendsen. Dei har mellom anna sett på Miljøpartiet Dei Grøne sitt prinsipp om å redusera arbeidstida, skriv Kilden.

MDG vil redusera arbeidstida for å redusera produksjonen og vekst i økonomien. Sjølv om tanken om kortare arbeidsdagar også er å finna i feministiske prinsipp, får ikkje MDG toppkarakter frå forskarane.

– Det er liten bevisstheit rundt kjønnsskilnadane som me i dag har nettopp når det gjeld arbeidstid i partidokumentet til MDG, seier Bolstø, som til dagleg jobbar ved NTNU i Trondheim.

Om arbeidstidene blir redusert utan å vera klar over kva menn og kvinner allereie gjer, kan det enda med meir relativ kvinnefattigdom, fryktar Bolstø.

LES OGSÅ: Grøn medvind i distrikta

Det er fleire andre punkt forskarane plukkar på i politikken til MDG, som du kan lesa hos Kilden.Men heilskapsinntrykket er positivt.

– Det finst eit stort potensiale i skjæringsfeltet mellom grøn politikk og meir tradisjonell likestillingspolitikk, seier Bolsø.

Rasmus Hansson, stortingsrepresentanten til MDG, seier til Kilden at han ikkje er heilt sikker på kva målestokk partiet hans skal målast etter i likestillingspolitikken. Men han takkar for jobben forskarane har gjort.

– Me har eit ferskt program der me veit at ting treng å gjennomarbeidast betre, det set me i gang med etter valet. Det er ingen tvil om at me har betringspunkt når det gjeld å uttrykka og formulera politikken vår klart nok, sikkert også på likestillingsområdet, seier Hansson.

LES OGSÅ: Miljøpartiet kan bli større enn SV