Sola skin og kastar lange skuggar. Sanden på volleyballbanen i Sæbøvik har så vidt byrja å tørka etter fleire regntunge dagar så langt i sommar, og seks jenter har teke turen til banen for å spela.

Henrik Mundal Andreassen, Bladet Sunnhordland
Henrik Mundal Andreassen, Bladet Sunnhordland

Saka er henta frå Bladet Sunnhordland sitt sommarmagasin

– Beachen på Halsnøy, kallar me det, seier Marie L. Eide (16). 

– Veldig ofte er det folk her nede om sommaren. Det er action på banen nesten kvar dag, held Herborg Berge Engelsen (17) fram.

Martine A. Sætre. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Solskinnsminne
Volleyballmiljøet på Halsnøy er ikkje ein gong kva det var. Etter fleire år med lag på både 1. og 2. divisjonsnivå, er det no roleg i volleyballeiren. Per dags dato er dei under seks aktive spelarar.

– Me er takknemlege for volleyballbanen på Halsnøy, men interessa var større før, seier Regine Dale Landa (19). Ein dyktig spelar og tidlegare svært så aktiv i volleyballaget på Halsnøy. I fjor var ho med då dei kjempa seg opp til 1. divisjon. 19-åringen har gode volleyballminne utanom serien også.

– Eg hugsar ein gong eg og bror min spelte her nede, så kom det ein gjeng rånarar forbi, og plutseleg vart det berre veldig mange her. Og det var musikk, og veldig god stemning, smiler Landa.

LES MEIR: Hadde du tatt denne kjempa opp i båten?

Regine Dale Landa. Foto: Henrik Mundal Andreassen

I fjor hadde Halsnøy to volleyballag. Men til hausten er dei usikre på om dei klarar å få til berre eitt lag. 19-åringen Dale Landa og fleire av dei andre jentene har anten trappa ned og flytta fokus til andre ting enn volleyball det siste året. Men nokon av held framleis aktivt på, slik som Herborg Berge Engelsen og Madelein R. Reigstad (15).

– Om ikkje me hadde gjort dette, hadde me nok sikkert sete heime i staden, smiler Madelein R. Reigstad.

– Eg går på skule på Stord men når eg er heime på Halsnøy for å trena, så treffe eg att vennene mine her, seier Herborg Berge Engelsen.

Dei likar særs det sosiale med sporten, og meiner det er ein relativt enkel sport å læra seg.

Madelein R. Reigstad og Herborg Berge Engelsen. Foto: Henrik Mundal Andreassen

– Og så er det ein veldig gøy sport, seier Madelein R. Reigstad. 

– Og kva tenkjer de om framtida?

– Eg kjem til å halda på så lenge det er folk som speler volleyball her på Halsnøy. Så no får me sjå om det er nok folk med til å danna lag til hausten, fortel Engelsen.

– Så lenge det er lag, er eg med. Om ikkje så vurderer eg å prøva komma meg med på laget til Husnes, seier Reigstad.

LES MEIR: Her er badetemperaturen alltid 28 grader

F.v. Kristine H. Hoff og Martine A. Sætre. Nærast Herborg Berge Engelsen (17). Foto: Henrik Mundal Andreassen

Meistringskjensle
Ifølgje volleyballtrenar Rune Dale Landa på Halsnøy er det mest jenter som held på med volleyball på øya. Gutane held for det meste på med fotball. Fleire av utøvarane reiser også vekk etter enda vidaregåande skule.

– Tidlegare, lenge før mi tid, har det vore skikkeleg gode lag på Halsnøy, inkludert eitt av topplaga innan volleyball i regionen, seier Landa. I fjor var dei to lag, eit U19 og eit U17 lag. Og han håpar dei får til iallfall eitt lag til hausten att.

– Kvifor volleyball?

– Det er ein vanvitig kjekk sport og ein får ein vanvitig meistringsfølelse i volleyball, seier trenaren.

– Ein må halda ballen i lufta heile vegen, og ein blir veldig teknisk god med ballen. Og det er absolutt ein lagsport, der laget ikkje er betre enn kvar og ein av spelarane. Ein gjer ikkje ting på eigen hand, seier Landa.

F.v. Kristine H. Hoff og Martine A. Sætre. Nærast Herborg Berge Engelsen (17). Foto: Henrik Mundal Andreassen

LES OGSÅ: I år blir sommaren litt lengre

Sæbøvikfestivalen
Sommarens store hending på Halsnøy er Sæbøvikfestivalen 16. til 18. juli. Og også her har volleyballen fått innpass i tidlegare år, med mellom anna eigen volleyballturnering.

Festivalsjef og Halsnøy-eldsjel Wenche Trovik Tofte kan derimot ikkje lova at det blir nokon turnering under årets festival.

– Me har ikkje fått noko tilbakemelding om det i år, så eg trur ikkje det vert nokon volleyballturnering, seier ho.

Regine Dale Landa. Foto: Henrik Mundal Andreassen

– Nokre av jentene snakka om at banen har blitt mindre enn før, og grunna at det høge gjerdet er vekke så forsvinn ballen fortare i sjøen?

– Det vil eg ikkje seia, banen vart flytta littegrann i tilknyting caravan- og tømmestasjonen attmed, men den skal ha blitt bygd opp att til det same nivået som før. Og gjerdet på banen vart rive ned under stormen «Nina» i vinter, men det skal opp igjen, forsikrar Trovik.

På Sæbøvikfestivalen vert det i år både kaijazz, fiskefestival, auksjonar og matsal i tillegg til rekefest i teltet ved senteret. Nærare 2.000 er venta innom festivalen desse tre dagane i juli. Så gjenstår det å sjå, om det både blir sol, og volleyballturnering i år også.

LES OGSÅ: Tre tips til ein kjølig sommar

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.03

Kommentarar

ANNONSE