Meiner Noreg er ei sinke i å ha tilsyn med skadelege stoff

Spirodiklofen er linka til kreft, og forbode i Sverige og Danmark. I Norge blir stoffet sprøyta på frukt og bær.

Ida Bergitte Andersen Hundvebakke
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I 2012 og 2013 fann Mattilsynet restar av spirodiklofen, eit stoff som finst i sprøytemiddel mot midd, på eple, pærer, jordbær og bringebær produsert i Noreg. Det skriv NRK.

Det gjer Randi Flesland, direktør i Forbrukerrådet, bekymra.

– Det er ubehageleg å vita at det vert selt mat som på grunn av sprøyting kan vera farleg utan at ein vert opplyst om det.

LES OGSÅ:Sundtoft snur i genmaissaka

Linka til kreft
NRK skriv at forsøk på rotter har vist at spirodiklofen kan gje dei som er i kontakt med stoffet redusert forplantingsevne over fleire generasjonar og kreft i lever, testiklar og livmor. Det har sett stoffet på ei amerikanske liste over kreftframkallande stoff.

Dei norske prøvene frå 2012 og 2013 viste at det ikkje var meir sprøytemiddelrestar i frukta og bæra enn det som er tillate.

LES OGSÅ: Vakrare mat har ein giftig pris

Forbode i Sverige og Danmark
Det roar ikkje Flesland. Ho oppfordrar folk til å velje økologisk i butikken.

– Dansk forsking dokumenterer at sprøytemiddel som kvar for seg er vurdert som trygge, gjev hormonforstyrrande effektar når dei verkar saman. Nabolanda våre regulerer skadelege kjemikaliar strengare enn Noreg. Noreg har vorte ein sinke samanlikna med Sverige og Danmark i å få kontroll og tilsyn med skadelege stoff.

LES OGSÅ:Opnar for meir gift i maten

Importselskap: – Trygt
Selskapet Bayer, som importerer stoffet, seier til NRK at all forskinga deira viser at stoffet er trygt.

– Norske styresmakter gjer veldig strenge vurderingar før dei godkjenner sprøytemiddel. Det er trygt å eta frukt og bær som er handsama på ein måte som er godkjent av norske styresmakter, seier kommunikasjonsdirektør i Bayer, Frode Nakkim.