Oldemorbloggen til Åshild (76) gjekk til topps

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Oldemor (76) gjekk til topps

Saka er henta frå Sunnhordaland

I 2011 gjekk Åshild Bjelland Kalleklev til innkjøp av ein berbar PC. Ved å vera brukarstøtte i Televerket hadde ho lært mykje om databruk, men ein god del var endra dei siste ti åra sidan ho slutta i jobben.

I same slengen bad ho sonen om å registrera henne på blogg.no. Med dette vart «Oldemorbloggen» fødd.

– Eg trur aldri eg har fått så mange delingar som då eg skreiv denne oppfinninga mi, seier Bjelland Kalleklev og viser til «rundpinnelageret» som ho laga i fjor sommar for å ordna opp i «rundpinne-problematikken».

Toppar statistikken
– Eg hadde høyrt om blogging før, og var interessert i kva det gjekk ut på, fortel Bjelland Kalleklev.

For mange er ho kanskje mest kjent som mora til turstien «Eventyrskogen» i Landåsen. Der har Bjelland Kalleklev gjenskapt fleire folkeeventyr saman med mannen Arne M. Kalleklev. Over lengre tid har bloggen hennar toppa Stord sin bloggstatistikk på bloggnettverket blogg.no. I skrivande stund ligg «Oldemorbloggen», med nettadressa vinhone.blogg.no, også på 24. plass blant dei mest lesne 40 pluss-bloggane i Norges største bloggnettverk.

På bloggen viser 76-åringen korleis gamle fjellsko kan bli til nye blomsterpotter.

Alt frå handarbeid til mannen
– Eg planlegg aldri blogginnlegga mine. Eg får ein idé, så er det berre til å setja i gang, seier ho.

Mange av innlegga handlar om 76-åringen sine eigne handarbeid. Elles bloggar Bjelland Kalleklev om ulike turar og kvardagshendingar. Heller ikkje mannen, far-eventyrskog vert utelaten.

– Eg synest ingenting om å dela dei inste tankane mine. Alt som ikkje handlar om handarbeid, skriv eg om i ein humoristisk sjargong. Eg skriv ein del om «Ma`en», men han får alltid godkjenna det før eg publiserer, påpeiker den populære bloggaren.

Har knekt bloggkoden
– Sjølve skrivinga går kjapt, det er bileteinnlegga som tek lengst tid, meiner ho.

Alle blogginnlegga deler ho med venene sine på Facebook. Det er ikkje tvil om at 76-åringen har knekt bloggkoden.

– Det kjem alltid an på overskrifta. Ho må trigga deg til å villa lesa vidare, slår Bjelland Kalleklev fast, og peikar på det ferskaste blogginnlegget sitt.

– «Sjå korleis fiasko blei snudd til suksess». Her har eg fått mange treff, for folk vert nyfikne og klikkar seg inn, når ikkje alt vert avslørt i overskrifta.

Sidan 15. april 2014 har 118.115 klikka seg inn på oldemorbloggen. Ut frå statistikken kan ein lesa at det er folk frå heile Norge som les bloggen, men også nettlesarar frå utlandet er registrerte mellom dei norske lesarane.

1.620 lesarar i USA
– Sjå her har du 1.620 frå USA, og 181 lesarar frå Russland. Det må jo vera utflytta nordmenn, men eg kjenner då ingen i Russland, seier Bjelland Kalleklev.

Ho har sjølv ei liste over bloggar ho følgjer. Mellom handarbeidsbloggane finn ein «Terjes superblogg – bonde og komikar».

– Det er ikkje så mange på min alder som bloggar. Eg veit om ein på Askøy, han er eitt år eldre enn meg og skriv fabelaktige dikt, seier ho.

Sjølv har ho følgjande råd til dei oppi åra som ønskjer å skriva blogg:

– Du treng ein datamaskin og litt peiling, elles er det ikkje naudsynt med mykje kunnskap, berre ein god idé. Sjølv har eg alltid likt å skriva, og då er blogging ein gyllen arena, seier 76-åringen.