Norske isbrear blir mindre for kvart år. Blir dei mindre tilgjengelege kan det gå ut over turismen, meiner Noregs vassdrags- og energidirektorat.

NPK
NPK

Ein av dei største turistattraksjonane i Nordland, Engabreen i Meløy, har trekt seg 150 meter tilbake sidan 2007, viser målingar utført av direktoratet i fjor haust.

– Det enkle svaret på kvifor dei krympar er at breane får mindre snø på vinteren enn kva som smeltar vekk av snø og is på sommaren, fortel senioringeniør Hallgeir Elvehøy frå Noregs vassdrags- og energidirektorat til NRK.

Alle dei mest kjende isbreane i Noreg har krympa dei siste åtte åra, viser målingane frå direktoratet.

– Dersom tilbakegangen fortset forsvinn isbreane meir og meir frå dalane, og blir mindre synleg og mindre tilgjengelege for folk. Det kan på sikt vere dårlege nyheiter for turistnæringa, seier Elvehøy.

Årleg kjem det fleire tusen turistar til Noreg for å sjå breane våre og drive med brevandring.

LES OGSÅ: Dramatisk krymping av breane

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.03

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE