Urbaniserte måker og endra natur

Ida Bergitte Andersen Hundvebakke
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Me ønsker å vite meir om kva ressursar det er som trekk måkane til byen. Det er ikkje lenger bare maten, nå har dei òg byrja å hekka i bynære strøk som hustak og forlatte industriområder, fortel Alf Tore Mjøs, biolog og fuglefanger ved Museum Stavanger, til NRK

LES OGSÅ: Truga kvalross på opptur

Liv og fluktmønster 
Kanalen skriv at ei nøyaktig kartleggjing av bymåkane sine liv og fluktmønster skal gje svar på spørsmål rundt endringane i naturen. For medan det blir stadig fleire måkar i byane, blir det færre på landsplan.  

Forskerane veit for lite om korleis måkene lever, om helsa og konsekvensane av at fuglane blir meir urbane. Dei skal læra meir om dette gjennom merking av fuglane, og overvaking av adferdsmønster. Stavanger, Oslo, Bergen og fleire norske byar er med i forskningsprosjektet.

På spørsmål frå NRK om kva årsaken til urbaniseringa kan vere ramsar Mjøs opp endringar opprinnelege hekkeområde, utbyggjing i strandsoner, og båttrafikk.

– Dette er ein forvaltningsmessig utfordring, me skal jo ta vare på fuglane rundt oss.

LES OGSÅ: Ut å telle fuglar