Rustar opp ikonisk sko

Ida Bergitte Andersen Hundvebakke
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Converse-skoen har vore alt frå eit symbol for opprørsk ungdom til eit varemerke for dei som helst går i flokk. No får Chuck Taylor All-Stars sin første store redesign, etter nesten 100 år på marknaden. Det skriv NRK.

I takt med auka bruk har det nok også vore ei auke i såre føter. For Converse er ikkje kjent for å vere den best ergometisk riktige skotypen med sine flate såler og lite ankelstøtte. Betre komfort er også grunnen til redesignen.

LES OGSÅ: Fekk sine første sko som 15-åring

Vart lansert i 1917
NRK skriv at skoen no skal få eit meir slitesterkt lerrettstoff, betre støtdemping i sålen og fôra hæl.  Den ikoniske gummituppen vert som før.

Ifølgje NRK vart skoen opphaveleg meint for profesjonelle basketballspelarar då den vart lansert i 1917. Basketballspelaren og skoseljaren Chuck Taylor gjorde nokre få og små forbetringar på skoen på 1920-talet, og fekk namnet sitt på modellen.