Speidar(ar) mot Japan

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka er henta frå Bladet Sunnhordland.

Denne gjengen skal ha ein sommarferie utanom det vanlege. Denne veka set dei kursen mot teltlivet i Japan.

– Eg ser spesielt fram til å møta kulturen der nede, seier Hildegunn Larssen Bjelland (16).

Saman med 35.000 speidarar frå 147 ulike land set ho, Kristoffer Spissøy (16), Andrea Maud Ottesen Mjønes (14) og Knut Inge Øien Hovin (22) frå speidargruppa 1. Leirvik kursen mot Japan denne veka. I byen Yamaguchi går den 23. verdsspeidarleiren av stabelen.

LES MEIR: Desse speidarane gjorde det sterkt i NM

Kretsleir
Før dei inntek leiren skal speidarane reise rundt i Hiroshima og omland.

– Den største utfordringa blir nok varmen, seier Spissøy.

Tidlegare i sommar var speidarane på kretsleir i Ænes. Trass i at dei hadde solrike dagar vert temperaturen ein heilt annan på verdsspeidarleiren.

– Det skal liggja på kring 30 til 40 grader på dagen, om natta kan det sokke til 20, fortel Larssen Bjelland.

Etter å ha reist rundt i Japan skal speidarane installera seg på leirområdet.

Rekordmange nordmenn
Aldri før har så mange speidarar frå Norge delteke på verdsspeidarleiren. I år er dei 850 som reiser nedover til Yamaguchi. Til saman utgjer speidarane 18 troppar. Kva av troppane består av 36 speidarar fordelt på fire patruljar.

– Me er ein del av Johansen-troppen, fortel Larssen.

Kvar av dei norske troppane er kalla opp etter norske polarheltar. Troppen til Stord-speidarane er kalla opp etter Fredrik Hjalmar Johansen, som i si tid deltok på både Nansen og Amundsen sine ekspedisjonar.

Under leiren byggjer speidarane opp sine eigne leirområde, der dei bur, lagar mat og samlast til leirbål om kvelden, akkurat som på norske leirar. På dagtid vil dei delta på ulike aktivitetar. Her vil internasjonal solidaritet og kulturutveksling stå i fokus.

LES MEIR: Møtte opp i shorts og t-skjorte

Anna storleiksdimensjon
Øystein Østensen har vore speidar i ei årrekkje, og er per dags dato leiar for speidarane i 1.Leirvik. Sjølv var Østensen på verdsspeidarleir i 1991. Den gongen vart han arrangert i Sør-Korea.

– Den største ulikskapen frå tidlegare leirar speidarane har vore på, er at han er så ufatteleg stor. Det er eit mykje større leirområde og eit heilt anna aktivitetstilbod, seier Østensen.

Han meiner det ikkje er så stor ulikskap mellom speidarane på tvers av nasjonane.

– Aktivitetane er gjerne ulike, men til sjuande og sist jobbar alle speidargrupper med det same, å utvikla sjølvstendige og ansvarsmedvitne menneske.

LES OGSÅ: Radiorevelje på landsleir