Eit forslag frå Civita om å innføre klimaavgift på kjøt og ost, får lite støtte frå politisk hald.

(NPK):
(NPK):

Verken regjeringa, støttepartia eller opposisjonen støttar forslaget, skriv Nationen. Det var førre veke tidlegare Unge Høgre-leiar og no Civita-tilsette Paul Joakim Sandøy lanserte ein rapport der konklusjonen var at det bør innførast avgifter på kjøt- og mjølkeproduksjon av klimaårsaker.

LES OGSÅ: Må alle bli vegetarianarar?

– Jordbruket har gått under radaren i alle år. Då har det vore enklare å ta fly skipsfart og oljeindustrien. Så har vi late att auge for at landbruket faktisk står for 10 prosent av klimautsleppa her i landet. Og denne delen kan auke, sa Sandøy til Nationen før helga.

Høgskulelektor Thomas Cottis ved Høgskolen i Hedmark underviser i landbruksfag og økologi, og er ikkje avvisande til forslaget om ei avgift på kjøt. Ei avgift på ost og mjølk meiner han derimot er ein dårleg idé. (©NPK)

LES OGSÅ: Matjord – eit klimaspørsmål

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.03

Kommentarar

ANNONSE