Tidlegare fekk Doris Takvam eksem og hovudverk av å gå på jobb. Det var før ho opna ein grøn salong.

Radioen spelar Abba. På veggen heng ei stor saks, og nokre grøne planter strekkjer seg mot taket rett ved inngangen. Hylleradene er fulle av produkt i blått og rosa. Frisørsalongen på Sande ser ut som ein vanleg salong, men den er berre éin av 17 i landet.

I 2008 opna Doris Takvam ein grøn salong, den første i Sogn og Fjordane.

For kundar, frisørar og natur
Salongen på Sande er sertfisert som grøn av Fagforbundet og Frisørenes fagforbund. Det inneberer først og fremst at retningslinjene er strenge for å sikre miljø og helse. Produkta som vert brukt her er fri for ei rekkje allergiskapande og miljøskadelege kjemikaliar, som PPD og parabenar.

LES OGSÅ: Møllesus eller oljerus?

Doris fortel at PPD er blant dei mest allergiframkallande kjemikaliane som er brukte i tradisjonelle hårprodukt, som hårfarge.

– Det er veldig skremmande at desse kjemikaliane er lovlege. Mange byrjar å farge håret i 12-13 årsalderen, og veit gjerne ikkje kor farleg det er. I grøne salongar brukar vi ikkje slike kjemikaliar, og vi bruker heller ikkje parabenar eller amoniakk. Begge desse er mykje brukt, og amoniakk kan mellom gi hovudverk fordi det går i luftvegane, fortel ho.

Doris Takvam

– Det burde vere meir fokus på grøne alternativ i frisørutdanninga, meiner grøn frisør, Doris Takvam. Foto: Tora Hope

Bra for folk og miljø
Å drive grøn salong er ifølgje frisøren bra for både kundane, miljøet og dei tilsette sjølve. Takvam har jobba i kring 20 år som frisør, men det er først dei siste 6 ho har drive grønt.

– Før var eg plaga med eksem på hendene og hovudverk. Det er eg ikkje lenger, smiler ho i den gule sofaen i salongen.

LES OGSÅ: – Ein illusjon at vi kan halde fram som før

Då ho slutta å jobba i vanleg frisørsalong, tok det ikkje meir enn fem veker før plagane forsvann. Etter at ho opna den grøne salongen, har ho korkje hatt eksem eller hovudverk.

No strekk ho seg mot å drive ein mest mogleg organisk frisørsalong.

Det er ikkje berre kundane og dei tilsette Doris vil spare. Ho tenkjer også på miljøet.

– Gaularelva renn rett fordi her, og den kan ta skade av utsleppa av kjemikaliar.  I tillegg har eg byrja å tenkje meir på det i kvardagen. Eg tenkjer på det når det gjeld produkta eg eller ungane mine brukar kvar dag, at vi ikkje pøsar på med kjemikaliar i deodorant, shampo, body lotion eller solkrem. Det finst alternativ. Også når det gjeld mat har eg vorte meir medviten.

Vil ha meir grønt i utdanninga
Då Takvam studerte til å verte frisør var det ikkje noko fokus på organiske alternativ, fortel ho. Sjølv har ho ikkje angra på at ho valde dette sporet, og no ynskjer ho andre velkomne etter.

– Det burde vere større fokus på grøne alternativ i utdanninga av nye frisørar, slik at fleire frisørar er grøne, meiner Takvam.

Det er nemleg ei utfordring at det ikkje finst så mange grøne frisørar.

– Det gjer at ein må jobbe hardare for å få tak i informasjon og gode produkt. Samstundes møtest vi som driv grøne salongar relativt ofte, på kurs og liknande.

Og ifølgje Takvam svarar det grønare alternativet til eit behov blant folk.

– No har eg kundar frå eit ganske stort område rundt Sande. Folk kjem frå både Solund, Balestrand, Førde og Fjaler fordi dei vil ha eit miljøvenleg og skånsomt alternativ, seier ho.

LES OGSÅ: – Dårleg debattklima om klima

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.03

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE