Ei 24-timars direktesending er blant nysatsingane frå NRK under valkampen i år.

(NPK-NTB-Trine Andersen):
(NPK-NTB-Trine Andersen):

– Gjennom ein kveld, ei natt og ein heil dag skal vi ha ein stafett der vi har innslag frå heile landet og frå Youngstorget i Oslo. Det blir bidrag frå alle distriktskontora og mange av Oslo-redaksjonane. Det blir ein felles NRK-dugnad, ein siste innspurt før valdagen, seier prosjektleiar for val i NRK, Linn Skarstein, til NTB.

Valmaratonen blir sendt på NRK 2 fredag 11. og laurdag 12. september. Valdagen er måndag 14. september. Nokre kommunar har også val søndag 13.

LES OGSÅ: Auka innsats gir ikkje fleire veljarar

Utspørjingar
NRK sparkar i gang valsendingane sine med partileiardebatt under Arendalsuka 17. august. Arendalsuka blei arrangert for første gong i 2012, og veka er ifølgje nettsida ein arena for uformelle møte mellom politikk og næringsliv,

Ingrunn Solheim og Ingerid Stenvold skal leia opningsdebatten. Solheim skal også leia avslutningsdebatten i Fredrikstad 11. september. Då saman med Atle Bjurstrøm.

Dei tre skal også skifta på å leia direktesende valsendingar frå ti stader rundt i landet. Mellom 19. august og 9. september blir det valsendingar frå Stavanger, Bergen, Ålesund, Trondheim, Bodø, Tromsø, Karasjok, Oslo, Lillehammer og Drammen.

I tillegg byr NRK på kortare studioprogram tysdagar og torsdagar. Programleiar her blir Anders Magnus, opplyser Skarstein.

Avissamarbeid
Distriktskontora til NRK har før valet i år inngått eit samarbeid med ei rekkje aviser. Kanalen har gjort avtalar med redaksjonar over heile landet.

– Det er svært mykje forskjellig på gang. NRK Østfold har til dømes starta samarbeid med Amedia-avisene i fylket om å ha folkemøte i kvar einaste kommune. I Tromsø er det inngått eit samarbeid med Nordlys om fellessendingar, og i Bodø har media gått saman om felles valvake, seier Linn Skarstein.

Sjølve valnatta er det Ingerid Stenvold som er programleiar.

TV 2 opplyser at dei skal ha ein større presentasjon av valsatsinga si i byrjinga av august. (©NPK)

LES OGSÅ: Kvinnene tapar listeplassane i vest

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.03
ANNONSE