Norge på digitaltoppen i Europa

Ida Bergitte Andersen Hundvebakke
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Europakommisjonen lanserte nyleg sin tolvte eGoverment Benchmark Report. Undersøkinga kartlegg korleis europeiske land har digitalisert offentlege tenester. Noreg ligg langt framme, men ikkje alltid heilt i front. Det skriv Utanriksdepartementet i ei pressemelding.

LES OGSÅ: Satsar på digital eksamen

Sju livshendingar
Utgangspunktet for undersøkinga er at Europakommisjonen har ynskt, og hatt behov for å kartlegge, er kor langt landa i Europa er kome når det gjeld utviklinga av offentlege digitale tenester for innbyggjarane. Tidlegare har ein målt kor langt land har kome i å tilby tenester digitalt, men etter kvart som dei fleste land no er digitaliserte måtte ein finne ein ny innfallsvinkel.

– Det dei gjorde var å sjå på kva folk har behov for. Kva er folk oppteken av? Dei kom fram til sju ulike livshendingar, område der det er viktig at folk kan nytta offentlege tenester digitalt, og ser på korleis dei ulike landa har tilrettelagt for at desse hendingane kan gjennomførast i den digitale verda seier IKT- og forvaltningsråd ved Norges delegasjonen til EU, Fred-Arne Ødegaard i pressemeldinga.

LES OGSÅ: Digital gravferd

Evaluerte brukevennlegheita
Hendingane spenn frå alt frå flytting til å måtte finne seg ein ny jobb. Ein vurderte så brukarvennlegheita til dei ulike tenestene. Norge kom godt ut i undersøkinga.

– Dette er ei veldig samansett undersøking, og det er ikkje lett å peika på éin vinnar. Noreg er eit land med mange velutvikla tenester og kjem totalt sett veldig godt ut, men ikkje sånn at vi er på topp alle områder. Det kan vere medvitne politiske val som gjer at ein ikkje scorar fullt på alle område, til dømes kor gode tenestene over landegrensene, seier Ødegaard i pressemeldinga.