Resistente plantar uroar forskarane

Ida Bergitte Andersen Hundvebakke
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Grønsaker, korn og bær vert stadig meir  resistente mot plantevernmiddel. Det bekymrar forskarane ved Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO). Det kjem fram i ei pressemelding frå Landbruksdepartementet.

LES OGSÅ: Vakrare mat har ein giftig pris

Krev nye tiltak
I planteverda er utfordringa at soppar, skadedyr og ugras vert motstandsdyktige mot kjemiske plantevernmiddel. Det fører mellom anna til  at bonden får mindre og dårlegare avlingar.

– Dette krev at dyrkarane set i gang tiltak som hindrar at resistensen utviklar seg vidare, og aller helst at dei klarer å førebyggja at resistens oppstår, seier seniorforskar Nina Svae Johansen i NIBIO Plantehelse i pressemeldinga.

LES OGSÅ:  Kva ville skjedd utan biene?

Forsiktig bruk er nøkkelen
Ho meiner nøkkelen først og fremst er å bruke ikkje-kjemiske metodar så mykje som mogleg for å førebyggja og kjempa mot planteangrep.

– Vi må bruke kjemiske middel så lite som mogleg, og på ein måte som ikkje triggar resistensutvikling, seier Johansen.