Padla Sør-Georgia rundt

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Padla Sør- Georgia rundt

Finse er første stogg, og her er ho trekkplaster saman med mellom andre Børge Ousland. På den store reiselivsmessa i Oslo er Sigrid eitt av trekkplastera saman med Stein P. Aasheim og Vegard Ulvang.

10.000 bilete
– Kult å få snakka om turen vår på Den store eksplorerdagen på reiselivsmessa i Oslo. Me har 10.000 bilete og masse film frå padleturen. Me hadde kameramann med på seglbåten, fortel Sigrid.

Expedition Finse vert skipa til for første gang 4.–6. februar i 2011, og Finse 1222 markerer slik Nansen–Amundsen-året.

ARE KALVØ: Eg gler meg til å diskutere Nansen og Amundsen i heile år!

Formålet med festivalen er å skapa ein arena for menneske som drøymer om å dra på ekspedisjon, som skal på ekspedisjon eller som har vore på ekspedisjon. Sigrid skal sjølvsagt fortelja om korleis det er å padla rundt Syd-Georgia i kajakk, trassa elefantselar, hissige pelsselar, bølgjer og vind.

Les meir om ekspedisjonen og håret som vart redda, på bloggen!

Fredag 14. februar held Sigrid føredrag på «MS Trollfjord» ved Aker Brygge.

Skyteøving
Om Jostedalen er basen hennar, vert ho ikkje mykje her dei neste månadene. For Sigrid reiser til Svalbard. Her skal ho med rifle på ryggen arbeida som hundeførar og snøscooterførar, og ha med seg gjester som skal få oppleva den unike naturen opp mot Nordpolen. Kanskje er dei heldige og får sjå Kongen i dette snø- og islandskapet; isbjørn.

– Ute på tur vert eg kjend med nye folk. I tillegg får eg betaling for det. Eg må berre ha meir skyteøving før eg reiser nordover.

I tillegg får ho vera i ro på ein stad i tre og ein halv månad, og det vert godt.

Padla med Sigrid
Når mai nærmar seg slutten, kjem ho heim att til Jostedalen og skal arbeida som breførar.

I slutten av juni byter ho bre ut med Lofoten og kajakkpadling. Grønland er neste stogg på seinsommaren – i slutten av juli.

– Dei som vil vera med og padla med meg, må berre melda seg på turane mine. Du treng ikkje å ha vore i ein kajakk før for det vert kursing undervegs. I tillegg får du oppleva vanvittig flott natur, seier Sigrid Henjum, og håpar mange vil vera med henne vestover og oppleva Grønland.

LES SAKA I SOGN AVIS!