Fitness på godt og vondt

«Strong Is The New Skinny» er eit motto mange unge jenter har. Men six-packen kan også føre med seg forvirring og skuldfølelse syner ny forsking.

Ida Bergitte Andersen Hundvebakke
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fitnessbølga skylte i land i Norge for nokre år sidan, og førte med seg fitnessbloggar, diettar, ekspertar og «ekspertar». Stipendiat Janne Wiken Halvorsen har forska på norske, kvinnelege treningsbloggarar i si doktoravhandlingar. Ho meiner desse bloggarane, med sine mange lesarar, har fått ei viktig stemme i samfunnsdebatten kring kropp, trening og kosthald, på godt og vondt.

– Med det kroppsfokuset som pregar trenings- og kosthaldsbloggar er dei med på å definere kva som er ein attraktiv kropp. Eg ville difor finne ut kva slags kroppsideal som vert fremma i slike bloggar, seier ho i ein artikkel skrive av Kilden – Informasjonsenter for kjønnsforskning.

LES OGSÅ: Karoline har gått ned 50 kilo

Tilbake til 80-talet, nesten
Den ideelle fitness-kroppen skal vere både slank og muskuløs, men likevel feminin. Feittprosenten skal vere låg og du skal vere sterk, men ikkje for sterk.

– Dette idealet har mange likskapsstrekk med det spreke kroppsidealet på 80-tallet, men skil seg frå dette ved å ha eit større fokus på markerte musklar – og krev meir enn aerobic og anna kondisjonstrening, nemlig beinhard styrketrening.

LES OGSÅ: Byggjer seg til topps

Beinhard disiplin
Halvorsen meiner dette kroppsidealet på eit vis er betre enn eit ideal om å vere tynnast mogleg, men at det også har sine dårlege sider.

– Eit slikt ideal krev ekstrem disiplin over tid, med eit restriktivt matinntak og hard styrketrening. Det er viktig å poengtere at det å vere oppteken av kropp og utsjånad ikkje nødvendigvis er skadeleg, men derimot viktig for velvære og helse. Problematisk blir det først når kosthald og trening blir ein for stor del av livet.

For nokre av bloggarane Halvorsen har følgt har jakta på den perfekte kroppen vist seg å krevje for mykje. Ei av intervjuobjekta hennar avslutta fitnessregiment og kalla livsstilen ei eteforstyrring i forkledning.

– Bloggarane i mitt materiale framstiller kroppsprosjektets oppturar – dei gode følelsane knytt til det å nå sine mål – og nedturar, som sprekk og saknet etter den «forbodne» maten. Dei beskriv følelsar som forvirring og skuldfølelse når dei ikkje lukkast i å oppnå dei måla dei har satt seg, og uttrykker ynskje om å «gjere det godt igjen» og «skjerpe seg», seier ho i pressmeldinga.