– Sats på bil framfor buss i distrikta
Transportøkonomisk Institutt (TØI) meiner ein heller bør satse på vegutbygging og bilkøyring framfor kollektivtransport i distrikta.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Sjølv om politikarane og samferdsledepartementet oppmodar folk til å bruke kollektivtransport, er det mange stader lurare å legge til rett for bilbruk, skriv Nationen.
– Eit økonomisk berekraftig kollektivtilbod krev eit visst tal passasjerar som vil bruke det. I byane me såg på er det eit lågt folketal, og det er også få som bur mellom dei, seier Jørgen Aarhaug, forskar ved TØI til avisa.
LES OGSÅ: Snart kan du kjøpa ein flygande bil
Ei stor kollektivsatsing vil derfor bli for dyrt per transporterte person, viser studien han har gjort av moglegheita for å byggje ut kollektivtrafikken i Vest-Finnmark.
Det er fleire distriktskommunar på Vest- og Austlandet med liknande geografi og busetting.
– Spreidd busetnad og lange avstandar bidreg til at kollektivtransport blir mindre attraktivt, seier Aarhaug.
Han legg til at folk i distrikta generelt også er mindre villige til å pendle langt. (©NPK)