I fotspora til Taylor Swift

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka er henta frå Avisa Nordhordaland

Det seier Åsmund Kvinge til avisa Nordhordland.

Saman med Arild Haugsvær og Stian Sylta står dei tre nordhordlendingane bak bandet med namnet Vanity.

LES OGSÅ: Er det galskap å satsa på musikk?

Sjølskrivne songar
Dei tre karane har spelt lenge samen under namnet Kving & Queens.

– Det er eit sideprosjekt der me har spelt på pubar i Bergen og elles over heile fylket. Men med Vanity er det snakk om sjølvskrivne songar frå botnen av, seier han.

Musikken deira er i countrysjangeren. Men ikkje den typen ein er mest van med i Noreg.

– Me vil distansera oss frå den køntrien med harry tekstar som det er mest av på norske festivalar.

Taylor Swift
– Me er meir i retning Taylor Swift-stilen. Countrypop/rock som er veldig i vinden i USA, men ikkje er så populært i Noreg enno, seier han.

Bandet har nyleg slept sin fyrste single på iTunes og Spotify, «Girl next door».

– Me har nok songar til å fylla eit album, og målet er å komma med det i løpet av året, seier han.

Tekstane handlar om kjærleik, draumar og om livet.

Kvinge var ti år gammal då han fekk sin fyrste gitar, då han var 15 kjøpte han seg sin fyrste gitar. I dag jobbar dei som lærarar og ingeniør. Men målet er å leva av musikken.

LES OGSÅ: Fredrik satsa på musikken

Har aldri spelt live
– Å få det til internasjonalt, verkeleg stå på og få eit levebrød ut av det er draumen, seier han.

Bandet har aldri spelt live før. Men i sommar skal dei spela på Sjøormcountry på countryfestivalen i Seljord i slutten av juli. Der skal dei vera med på ein konkurranse, der premien er å varma opp for headliner Kurt Nilsen om fredagskvelden.

– Godt publikum
– Det hadde vore ein grei deal for oss. Det er eit godt publikum for oss der, seier han.

Førebels har dei ikkje fleire konsertjobbar.

– Me har lyst til å spela så masse som mogleg live. Der får me eksponert oss og vist kva me har å komma med, seier han.

Med i bandet er og Øystein Bolseth og Atle Andersen.