Meiner me er klare for 16-åringar som stemmer

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Me har kunnskapen me treng

Stortingsrepresentanten meiner me allereie veit nok om stemmerett for 16-åringar til å gå vidare med prosjektet.

– Det er aldri feil med meir erfaring, men eg meiner me allereie har den kunnskapen me treng, seier Rotevatn i eit intervju med NTB.

LES OGSÅ: Her stemmer 16-åringen

Håvard Tvinnereim, avdelingsdirektør i Kommunal- og moderniseringsdepartementet, seier at årets forsøk ikkje er spesielt betre eller annleis enn forsøket som vart gjort i 2011, men at dei skal sjå nærare på kva som påverkar valdeltakinga og korleis variasjonen er mellom kommunane i denne runden.

– Kunnskapsgrunnlaget vil bli betre når forsøket blir gjort over to val og med eit utvida tal kommunar, seier Tvinnereim til NTB.

Dessutan vil departementet finna ut om 16-åringane som stemte sist gong, også stemmer denne gongen. Rotevatn meiner me ikkje treng eit nytt forsøk for å finna ut nettopp det.

– Det å stemma er ei vanesak. Stemmer du ved eitt val, er det meir truleg at du stemmer ved neste, seier Rotevatn.

Han trekk fram at valdeltakinga er høgare blant 16-åringar enn 18-åringar.

– 16-åringar har meir ro i livet sitt. Dei bur heime, og dei får informasjon om valet på skulen. 18- og 19-åringar er ofte i ein oppbrotsfase. Kanskje flyttar dei heimafrå, kanskje skal dei studera eller i militæret. Då er ikkje nødvendigvis valdeltaking det som blir prioritert høgast, seier Rotevatn.

16- og 17-åringar skal stemma i 20 kommunar i haust, slik som ved førre val. Ti av desse kommunane var med i førre runde, medan ti er nye.

LES OGSÅ: Vil gje stemmerett til 12-åringar