Her stemmer 16-åringen

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg oppmodar politikarane om å bruke sosiale medier mykje meir, for det er der dei finn oss. Her er fylkespartia ganske flinke, på lokalt nivå er det verre og det er ein del som har mykje å læra. Ta kontakt med ungdommen og finn ut kva me er opptekne av, tipsar Jacob Bredesen.

16-åringen kjem frå Eid i Sogn og Fjordane, ein av 20 kommunar som i år er med i andre runde med stemmerettsforsøk med 16- og 17-åringar.

LES OGSÅ: ABC til vallokalet

Lunken til Facebook
Medan 16-åringen har stor tru på sosiale medier som hjelpemiddel i det som kan verta eit nytt ungdomsval er Jo Saglie ved Institutt for samfunnsforsking i Oslo meir lunken.

Samfunnsforskaren peikar på at lokalpolitikarar gjerne er som resten av befolkninga der stadig fleire bruker sosiale medier, men at det ikkje er sjølvsagt at lokalpolitikarar som driv valkamp på fritida har tid og krefter til å nytta slike hjelpemiddel.

– Det er lett å seia at nye medier vil gje meir merksemd, men det er ein ting å laga ei Facebook-side eller ein blogg, ein anna ting er å få veljarane til å gå til det, seier samfunnsforskaren som var med å evaluere førre forsøk med stemmerett for 16-åringar i 2011.

LES OGSÅ:Auka innsats gir ikkje fleire veljarar

Løftar ungdommen
Då Jacob Bredesen vart politisk aktiv i fjor haust trudde han at han måtte vente fleire år før han fekk stemme. No er leiaren for Unge Venstre i Sogn og Fjordane blant  dei utvalde som får stemma ved årets kommuneval.

Den ferske stemmeretten har han allereie nytta seg av, og oppmodar andre unge om å gjere det same. Dette for å få representantar som fremjar deira saker, og slik løfta den politikken som er viktige for nettopp dei yngste.

Han ser allereie at med ei yngre veljargruppe vert andre saker og yngre politikarar løfta fram, noko han trur lokalmiljøa vinn på. Bredesen trur at saker som er viktige for ungdommen er viktige å løfta fram for å bøta på fråflytting, som er eit problem i heimfylket hans.

– Her trur eg det blir meir fokus på fritidstilbod, å lage ein ungdomsklubb slik at ungdommen har ein plass å samlast når det ikkje skjer noko.  I tillegg ser eg at fleire valprogram har ei satsing på sykkel, noko som kan vere viktig for dei yngre fordi det er mange som ikkje har moped eller bil, seier Bredesen.

Saglie meiner det er vanskeleg å spå kva årets viktigaste saker vert på tvers av kommunar, men kan fortelja om nokre fellestrekk.

–Det ein har sett ved veljarundersøkingar ved dei fleste lokalval er at dei sakene som kjem høgt på veljarane si prioriteringsliste er velferdspolitikk. Det inkluderer skulepolitikk, som gjerne yngre veljarar er opptekne av, medan dei eldre er meir opptekne av helse og omsorg.

LES OGSÅ: Gol trakk seg – Eid fekk plassen i stemmerettsforsøket

Av dei tjue kommunane som skal vere med på forsøket med stemmerett for 16- og 17-åringar ved årets val er ti nye, medan ti var med frå før.

Eid deltek for fyrste gong saman med 19 andre kommunar. til dømes rekordkommunen Luster, som i fjor hadde ei valdeltaking på heile 82 prosent i forsøksgruppa.

Den kommunen som kom dårlegast ut med tanke på deltaking i prosjektet var Hammerfest, der berre 45 prosent av forsøkspersonane stemte.

Til samanlikning var den samla valdeltakinga for alle aldersgrupper på 64,5 prosent på landsbasis, medan rekordhøge 46 prosent av dei tradisjonelle førstegongsveljarane nyta stemma si.

– Deltakinga blant dei yngste gjekk opp i 2011, som følgje av 22. juli og at ungdomspolitikk fekk meir merksemd enn tidlegare. Samstundes var det ein meir nedtona valkamp enn vanleg, men det vert spanande å sjå om 22.juli har sett eit preg på ein heil generasjon som vil vare, seier Saglie.

LES OGSÅ:Utvida demokrati gav auka valdeltaking

Jo Saglie ved Institutt for samfunnsforsking i Oslo er spent på årets stemmerettsforsøk for 16-17-åringar. Foto: ISF

Jo Saglie ved Institutt for samfunnsforsking i Oslo er spent på årets stemmerettsforsøk for 16-17-åringar. Foto: ISF

Prestisjeprosjekt
Valdeltakinga blant dei yngre veljarane er generelt dårlegare enn blant dei eldre, men Saglie peikar på at 16- og 17-åringane ikkje skil seg nemneverdig frå 18-åringane i livssituasjon. 

– Dei har synt seg lettare å mobilsere enn dei litt eldre veljarane, sannsynlegvis fordi dei framleis bur heime i kommunen sin og går på skule. Desse er lettare å mobilisere enn dei som til dømes er flytta ut for å ta utdanning, forklarar samfunnsforskaren.

I Eid har ordførar Alfred Bjørlo (V), som tidlegare har gjort stunt som «ordførar i butikk», allereie vitja skulen. 

– Dette er jo eit prestisjeprosjekt for dei kommunane som er med, så det er mange som gjer mykje for å få 16-17-åringane til å stilla opp. Sist gong såg me at mykje blei gjort gjennom kommunen og ein del veldig engasjerte ordførarar. Det var mellom anna ein i som sette seg på skulebussen i Marker i Østfold, seier Saglie, som er spent på årets resultat.

LES OGSÅ:Kan 17-åringar styra ein kommune?

Venstre Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V) saman med leiar i ungdomsrådet Elise Solvåg, vonar på høg valdeltaking. Foto: Eid kommune

Venstre Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V) saman med tidlegare leiar i ungdomsrådet Elise Solvåg, vonar på høg valdeltaking. Foto: Eid kommune

Faktaboks

Desse kommunane er med i andre runde av stemmerettsforsøket med 16- og 17-åringar:
Austevoll
Eid
Gausdal
Hamar
Horten

Klæbu
Kautokeino
Kristiansund
Lillesand
Luster
Mandal
Marker
Målselv
Namdalseid
Oppegård
Porsgrunn
Stavanger
Tysfjord
Vadsø