Vi kjøper meir musikk

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nordmenn er framleis i verdstoppen når det gjeld digitalt konsum av musikk, og inntekta frå streamingtenester som Spotify, WiMP/Tidal og etter kvart Apple Music er dei store drivarane bak den markante oppgangen i musikksalet så langt i år, fortel platebransjeforeininga IFPI. Men også salet av vinyl aukar.

LES OGSÅ: Er dette tidenes største band?

I første halvår 2015 er det blitt selt musikk i Noreg for 305 millionar kroner, mot 285 millionar i same periode i fjor, ein oppgang på 6,5 prosent. Stadig fleire vel betalt abonnement på streaming-tenester, og inntektene frå streaming har gått opp frå 220 til 248 millionar frå første halvår 2014 til første halvår 2015, ein oppgang på 28 millionar kroner.

Inntektene frå dei ulike streamingtenestene står no for 81 prosent av musikkomsetninga.

Fysisk sal har også gått opp første halvår. Auken kjem av at salet av vinyl har auka med nesten 3 millionar kroner – frå 5,8 millionar i 2014 til 8,7 millionar i 2015. Vinyl står no for 24 prosent av salet av fysiske produkt.

LES OGSÅ: – Eg håpar det blir solbrillevêr