Halvparten av befolkninga meiner det er for lett å jukse til seg pengar frå Nav, viser ei undersøking Ipsos MMI har utført for Dagbladet.

NPK
NPK

Éin av fem, eller 19 prosent av dei spurde, synest det er altfor lett å jukse til seg pengar frå Nav. Kvar tredje spurde, 36 prosent, synest det er litt for lett å utnytte Nav-systemet.

– Mange vil nok tenkje at det er for lett å leve på Nav-ytingar utan å gjere nok sjølv, og at velferdssystemet berre skal hjelpe deg viss du ikkje har andre moglegheiter, seier seniorforskar Simen Markussen ved forskingsstiftinga Frischsenteret for samfunnsøkonomisk forsking til Dagbladet.

Han meiner det er grunnlag for påstanden om at det er for lett å utnytte Nav.

– Viss du ikkje ønskjer å prøve deg i jobb, men berre vil leve på trygd, kan ikkje systemet hindre deg. Dei som jobbar i Nav er ikkje i stand til å gi folk nok oppfølging. Når kvar enkelt saksbehandlar i snitt har 150– 160 brukarar dei skal følgje opp, seier det seg sjølv at det er mogleg for nokre å snike seg unna radaren. Frå eit slikt perspektiv kan ein seie at det er for lett å utnytte Nav-systemet, seier forskaren.

LES OGSÅ: Vil ikkje gi Nav-pengar til friske unge

Grunn til bekymring
Direktør for Nav Kontroll, Sverre Lindahl, synest det er grunn til bekymring når så mange trur det er lett å utnytte Nav-systemet.

– Ein del kan kanskje tru det berre er å gi opp uriktige opplysningar, så får dei stønad frå Nav. Men dei er nok ikkje like klar over at det blir gjort omfattande etterkontrollar frå vår side, seier Lindahl.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.02
ANNONSE