«Det hellige fleskeberget»

Ida Bergitte Andersen Hundvebakke
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Det er ekkelt når så tjukke jenter går med shorts». Orda kom frå ein ein framand gut på trikken, og er berre ein av mange sårande kommentarar som Cornelia Bregård (19) har fått slengt etter seg gjennom åra.

24.juni fekk ho nok, og skreiv eit innlegg på bloggen sin der ho tok eit oppgjer med dei stikkande kommentarane om vekt som ein kan få frå andre folk, sjølv om ein eigentleg berre kan kalle kroppen sin normal og sunn når alt kjem til alt. Det skapte ein liten buzz på internett, og då SI:D posta innlegget på sine sider vart det den mest leste saka på Aftenposten den dagen.

Mange år med mobbing
15 prosent av norske elevar på utvalde klassetrinn svara i fjor at dei hadde opplevd krenkingar to til tre gongar i månaden eller meir, ifølgje Elevundersøkinga. Nesten fire prosent fortel at dei har vorte mobba jamleg.

Cornelia Bregård (19) er med andre ord ein av mange norske barn og unge som har opplevd ein kvardag med mobbing.

–  Eg vart mobba allereie frå barneskulen. Den gongen gjekk det mest på at foreldra mine var lærarar, men då eg kom på ungdomsskulen vart det meir og meir vinkla mot vekt. Eg er kristen, så eg vart kalla det hellige fleskeberget. Ein gong prata me om gravferder med opne kister. Ein gut sa at han hadde sett oldefaren død i kista under gravferda, men at det på langt nær var like ekkelt som å sjå Cornelia naken i dusjen. Då ingen tok meg i forsvar begynte eg å lure på om dette var noko alle var einig i?

LES OGSÅ: Kroppspresset gjeld også menn

Ikkje ferdigsnakka
Innlegget førte Sauda-jenta som no bur og studerer i Oslo til TV2 sitt studio og gjesteopptreden i programmet «God sommer Norge».

Støttemeldingane har hagla inn, og fleire har sagt at dei no har fått motet dei har trong til å ta på seg shortsen, mange år etter førre gang.

– Eigentleg tenkte eg at temaet var ferdigsnakka av alle, og det berre ville bli klamt. Eg var faktisk på veg til å slette heile innlegget før det var publisert. Men så sa ei venninne av meg at eg burde poste det fordi det nok var mange som kjente seg att, seier Bregård, som i innlegget lurer på korleis alle usikre 14-åringar har det, når ho som sikker 19-åring ofte føler på vektproblematikken.

LES OGSÅ: Mange gjer det grunna eit moteideal

Læraren opna auga
Ho fortel at ho i mange år hadde ei forsvarsmekanisme i seg som gjorde at ho berre lo vekk alle sårande kommentarar, men ei hending på skulen ho går på fekk ho til å tenke meir over det som skjedde i standen for å berre la det prelle av.  

– På skulen min, Filadelfia Bibelskole Oslo, har me prata mykje om eigen identitet – kven ein er – i undervisninga. Eg skulle til Irland og grua meg til å shoppe. Då ein av lærarane fekk vite om det vart han direkte sint over at eg kunne tenke på det, og han sa «Cornelia, du er ikkje tjukk». Når eg såg kor provosert han vart over at eg kunne tenke det om meg sjølv begynte eg å grine.

Vert aldri rett
Bregård syns det er vanskeleg å skjøne kvifor andre menneske føler at dei heilt uoppmoda kan kritisere andre si vekt.  Ho trur det er todelt.

– Om ei overvektig jente hadde vore blyg og gøymt seg vekk i store klede hadde ingen kritisert ho. Mange ville i staden syns synd på ho. Eg trur det er når ein til dømes tek på seg bikini at folk føler for å kritisere. Eg føler at ein ikkje har lov å mislike seg sjølv om ein er overvektig, samstundes som at ein ikkje får lov til å vere heilt nøgd heller.

Ho har i tillegg vanskar med å skjøne kvifor nokon lar seg provosere av andre sin kropp. Ho seier at ei overvektig jente er det enklaste mobbeofferet å ta.

– Er det slik at han på trikken fekk dårlegare livskvalitet av å sjå meg i shorts? Sjølv om heile trikken fekk det med seg var det ingen som sa han imot. Eg håpar eg hadde turt å seie «du ser fantastisk ut» om eg opplevde det same.

LES OGSÅ: Meir kvardagspupp

Mangfald er nøkkelen
19-åringen trur botemiddelet mot det heile er meir mangfald, i staden for å forsøkje og setje kroppen inn i ein normalitetsboks som mange vil kjenne seg utanfor uansett kor vid boksen er. Ho er overraska over at ein ikkje har kome lenger enn at bladet Det Nye si uretusjerte- og sminkefrie utgåve fekk så mykje merksemd som det gjorde.

– Det er betre å vise eit mangfald av alle kroppar, som Dove har gjort i sine reklamar. Eg trur dessutan at ein må definere begrepet skjønnheit på nytt.

Cornelia verkar som ei trygg og sjølvsikker jente, men er det berre ein fasade? Har ho nokon sinne tenkt at det enklaste berre hadde vore å følgt dei «velmeinande» råda om å gå ned i vekt?

– Eg har gode og dårlege dagar. Enkelte dagar føler eg meg som ei feit ku, medan eg på andre dagar føler meg veldig fin. Den siste veka har vore ein einaste enorm sjølvtillitsboost. Eg har i periodar hoppa over måltid og trent meg halvt i hel. Men så har eg begynt å reflektere over kva som gjer meg lukkeleg. Skal eg omfavne det ideelle eller seie at eg er meg og sånn er det?