Er det liv på Mars? Til liks med David Bowie lurar Forsvarets Forskningsinstiutt på dette. No har georadaren RIMFAX bestått første test i ferda mot verdsrommet.

Framtida.no har tidlegare skrive om RIMFAX, georadaren som skal festast i NASA sin romsonde, Mars 2020-roveren. Roveren, som har sju instrument om bord, har i oppgåve å finne ut om det har vore liv på Mars. Radaren skal hjelpe til i oppdraget ved å undersøkje geologien fleire meter under overflata.

Svalbard vs. Mars
Men før den får luft under vengen må den bestå mange testar. Forskning.no skriv at første delprøve vart bestått og gjennomført med suksess i april-mai. Du trur kanskje ein må ut i det store verdsrommet for å gjennomføre slike testar, men tydelegvis fungerer Svalbard like godt som testarena.

– Vi testar radaren på Svalbard fordi Mars er ein kald og tørr planet. På våren og forsommaren er Svalbard også frossen, og det er veldig fine forhold for å teste denne typen radarsystem. Når vi køyrer over isbrear kan radaren sjå tvers gjennom breen. Vi ser vatnet i botnen og dei ulike tempererte sonene på breen, seier forskar og prosjektleiar i Forsvarets forskingsinstitutt Svein-Erik Hamran i artikkelen. Hans jobb er å gjere RIMFAX så god at den kan gi verda ny kunnskap om Mars.

Sniglefart
Den første deltesten vart utført ved at radarsystemet, som består av ei spesialbygd antenne, ein elektronikkboks og ein PC, vart festa til ein snøscooterslede og dratt langs senterlinja av ein isbre utanfor forskingsbyen Ny-Ålesund. Undervegs undersøkte ein om radaren gjorde som den skulle.

– Når vi testar på denne måten køyrer vi mellom 10 og 15 kilometer i timen. Når RIMFAX skal kjøre med Mars 2020 roveren går det mykje saktare. Den har ein fart på mindre enn tre meter i minuttet. Det er fortsatt tidlig i utviklinga, men vi er der vi skal vere, seier Hamran.

 

FFI – RIMFAX from Forsvarets forskningsinstitutt on Vimeo.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.02

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE