Alexander (20) lever boybanddraumen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka er henta frå Tysnesbladet

– Det er stort å koma frå ein liten plass og bli kjend ute i den store verda, seier Alexander Instøy (20), og sett seg på ein kontorstol midt på golvet.

Me er i eit lite rom i sjuande etasje i Industribygget på Møhlenpris i Bergen. Dette er pauserommet. I dei tre andre romma i same etasje øver og spelar han og bergensgutane Sander Helmers-Olsen (19) og Laurent Kelmendi (21) i studio. Opptil 12-13 timar i døgeret er «The Main Level» i bygget, noko som har gjeve resultat.

I juni i fjor slapp bandet sin fyrste singel, og sidan har ballen rulla. For eitt år sidan hadde gutane sin fyrste konsert, og etter det har dei mellom anna vore på turné med finsksvenske Isaac Elliot og reist med P4s Vinterlyd-turné. Den nyaste singelen «My girl» blei spelt inn i Los Angeles.

– Korleis eg har det? Eg har det fantastisk. Det er like kjekt å spela uansett om det er ein liten spelejobb eller ein større jobb. Det var til dømes veldig kjekt å spela på Tysnesfest i fjor, seier Instøy.

Ikkje frå Bergen
Suksessen har gjort gutane kjende verda over. Fansider er oppretta i mellom anna Brasil, Portugal og Tyrkia, og VG-nett slo i mai til med tittelen «Boyband frå Bergen vil erobre verden».

– Kva synest du om at dei skriv at du er frå Bergen eigentleg?

– Eg har tenkt på det. Kvar gong eg blir intervjua seier eg at eg ikkje er frå Bergen, men i Oslo trur dei Bergen og Tysnes er det same, kjem det litt oppgitt frå guten frå Neshamn.

For det er berre litt over to år sidan han budde heime på Tysnes. Instøy fortel at familien støttar han. Det har gjort at han har satsa på musikken.

– Familien har vore viktig i oppveksten. Eg har alltid hatt gode folk rundt meg. Dei synest det er fantastisk at eg har følgt draumen min. Sjølv om eg er lite på Tysnes for tida, er det ingenting som er betre enn å koma heim, seier Instøy.

Album i september
Han byrja på elektrofag ved Os vidaregåande skule, og gjekk vidare på automatiseringslinja ved Stord vidaregåande skule, etter skulegangen på Tysnes. Det var på den tida det heile starta. Sander og Laurent hadde byrja å syngja saman. Dei la merke til at Instøy, som dei kjende litt frå før, hadde lagt ut demoar på YouTube der han song og spelte gitar.

Trioen prøvde å syngja saman i studio, og då var det gjort. Songane til «The Main Level» handlar om kjærleik og jenter, og planane vidare er mange.

– Det blir ein travel sommar. Me skal delta på Giskefestivalen og VG-lista på Rådhusplassen, i tillegg er det ein del fjernsynsjobbar. Me gjev også ut eit album i september, seier Instøy.

LES OGSÅ: Bergensk boyband i medvind

Grinande jenter
Han kan ikkje lenger gå frå øvingsstudio på Møhlenpris til Torgallmenningen utan å bli stoppa av fans. Jenter mellom 10 og 18 år er mest gira. Ifølgje Instøy er nokre av dei så sjenerte at dei ikkje tør helsa på heltane, medan andre byrjar å grina når dei ser gutane.

– Eg innser at folk byrjar å kjenna oss att, men eg tenkjer ikkje så mykje over det, seier Instøy, og forklarar at han prøver å svara på flest mogeleg av e-postar og andre som tek kontakt.

– Når eg møter fans, helsar eg på dei sånn eg føler det naturleg. Nokre gjev eg til dømes klemmar, seier han.

– Har du blitt kjærast med nokre av jentene då?

– Nei, kjærast har eg ikkje.

LES OGSÅ: Christer (20) gjer suksess med boyband

Ikkje tid til venar
Truleg har han ikkje tid til det heller. Den plutselege karrieren har gjort at han nærast jobbar med musikk døgeret rundt. Han kjem på jobb litt før klokka ni om morgonen, og går heim i kveldinga. Då går han kanskje innom treningssenteret dersom han får tid, eller øver litt åleine heime. Kanskje får han tid til å sjå ein episode av Game of Thrones. Han har nokre venar i Bergen, men dei blir det lite tid til.

– Kva er det som inspirerer deg til å halda på så mykje med musikk?

– Eg elskar musikk. Det er det som får oss til å gjera det me gjer. Det har vore draumen sidan eg var liten, seier han.

Førebiletet er den amerikanske songaren og produsenten Bruno Mars og familien på Tysnes.

– Kva er det beste med Tysnes?

– Det må vera sommaren. Då kan eg bada, slappa av og vera med venar. Men eg får diverre ikkje tid til vera der i sommar, seier han.

Dei to andre gutane kjem inn i det vesle rommet. Alexander reiser seg og alle tre set seg i sofaen midt i rommet. Dei skrur på fjernsynet som står rett framføre seg, og Alexander og Laurent tek fram nokre svarte kontrollar. Sjølv om det ikkje blir tid til så mykje anna enn musikk, lurar dei seg til å spela FIFA i dei små øvingspausane.