I dag er det 15 år sidan ni unge menn vart klemt i hjel på Pearl Jam-konsert. Dokumentarfilmskapar Tor Ny­gård Kolding låg sjølv i haugen.

mm

– Eg hamnar riktig djupt nede i bunken og på eitt tidspunkt trur eg at eg ligg nesten nedst. Eg ligg oppå ein, som eg merkar verkar livlaus, fortel danske Tor Nygård Kolding i dokumentarfilmen «Nine Rocks».

Dokumentarfilmen har premiere på Roskilde-festivalen i dag – på 15-årsdagen for den tragiske ulukka der ni ungdommar missa livet.

Kolding vil vere tilstades på filmvisninga ved Rising-scenen klokka 17.45, der òg ei helsing frå Pearl Jam skal lesast opp.

LES OGSÅ: Torsteins kjærleiksbarn

Forbod mot crowd surfing
30. juni 2000 hadde store delar av festivalen sine 100.000 publikummarar samla seg ved den ikoniske scena Orange for å sjå Seattle-bandet Pearl Jam.

Ein av dei var 20 år gamle Tor Ny­gård Kolding, som i dokumentarfilmen som han har regissert saman med Rikke Selin, sjølv fortel om korleis fleire personar pressar seg fram og crowdsurfar til dei fell oppå personar som har falt i mengda.

Crowdsurfing vart seinare forbode på fleire europeiske festivalar.

På ulukkesdagen var underlaget glatt av regn og sikten dårleg på grunn av dampande sveitte.

Ingen vart stilt rettsleg til ansvar for hendinga, men arrangøren fekk kritikk for tryggleiken og å for å ha skjønt alvoret for seint.

Då musikken stoppa og sikkerheitsvaktene kom fram til haugen med menneskjer var det for seint for dei ni som omkom.

Vokalist Eddie Vedder tok til tårene på scena då han innsåg kva som hadde skjedd og ba publikum om å trekkje tilbake.   

LES OGSÅ: Søsken vann amerikanske filmhjarte


Publikum vart fleire gonger oppmoda om å trekkje tilbake før katastrofa var eit faktum. Foto: Mats Billberg Johanson

Reflekterer over tapet og sorga
No 35 år gamle Ny­gård Kolding har slitt med skuldkjensle etter ulukka og  samtalar i filmen både med pårørande etter dei omkomne, samt eigen familie, vener og ein prest.

– «Nine Rocks» reflekterer over tapet og sorga, og den hyllar livet og fellesskapet i musikken. Difor følast det heilt riktig for oss å markera at det er 15 år sidan ulukka med å syna han. Me syner han for å æra dei ni som døydde, og for å minna oss alle om kor viktig det er at me passar på kvarandre, seier Christina Bilde, talskvinne for Roskilde-festivalen i ei pressemelding.

I tillegg til dei omkomne vart over tjue personar sendt til sjukehus og dødstala kunne vorte høgare.

– På eit tidspunkt tenkjer eg at eg berre har lyst til å sove, men så går det plutseleg opp for meg at det er jo på den måten folk dør. Då får eg panikk. Med dei siste kreftene eg har får eg reist meg opp på han som ligg under meg, fortel Kolding til Berlingske Tidende.

Det tok mange år før filmskaparen i det heile var i stand til å snakka om hendingane, men no gler han seg over at filmen skal visast på Roskilde.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.02

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE