Torsteins kjærleiksbarn

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Tysnesbladet. 

I heile fjor følgde produksjonsselskapet Pandora Film Torstein Hatlevik, som driv Haaheim Gaard. Som einsleg homofil blei han far til dottera Konstanse. No er dokumentarfilmen «Pappas kjærlighetsbarn» endeleg klar, og skal visast på TV2 måndag 4. mai.

– Me har laga ein film om Torstein før, og høyrde at han skulle bli far ein gong til. Det synest me var spanande. Det er viktig å fortelja slike historier, for å skapa aksept for ulike måtar å leva på, seier Kleppe.

LES OGSÅ: – Det må vera lov å prøva å bli pappa 

– Kjekk prosess
Ifølgje ho handlar filmen om Torstein og Konstanse, og den utradisjonelle forma for familie dei er. Filmteamet har følgt Torstein frå før Konstanse blei fødd, til ho blei ca eitt år.

– Me er veldig nøgde. Det har vore ein kjekk prosess. Filmen blei teke ut som opningsfilm til Den Norske Dokumentarfilmfestivalen i Volda, seier produsenten.

Filmen følgjer med på Torstein sine prioriteringar og korleis dei endrar seg: Frå å vera ein alltid arbeidande gründer med åleineansvar for hotell, restaurant og selskapslokale, tilpassar han seg kvardagen med eit spedbarn.

– Me har også filma litt av lokalbefolkninga, det vil seia alt frå tilfeldige folk som Torstein møter på butikken, til to pensjonerte jordmødre som passar ein del på Konstanse, seier Kleppe.

LES OGSÅ: Meir enn glansbiletet 

Vitjar TV2
I forkant av sendinga skal Torstein og Konstanse på «Frokost TV» på TV Haugaland på fredag, og «God Morgen Norge» på TV2 på måndag.

– Det blir triveleg. Det er ein koseleg film, seier Torstein Hatlevik.

– Korleis har det fyrste året med Konstanse vore?

– Veldig hyggeleg. Det er jo eit nytt menneske eg har blitt bli kjend med. Det er fantastisk kjekt. Det har også gått overraskande bra sånn praktisk. Eg har au pair, så eg løyser kvardagen ilag med henne, seier Hatlevik.

LES OGSÅ: Ronja (2) veks opp med to mammaer 

– Heimestrikka klede
Hatlevik var ganske ung då han fann ut at han hadde lyst å bli far. Konstanse har han fått ved hjelp av veninna Renate, som har gitt han foreldreretten, og som også medverkar i filmen. Frå før har han dottera Hildur, som er blitt åtte år. Ho bur for det meste hjå mora, men er på Tysnes i helgar og feriar.

Ifølgje Hatlevik har Konstanse blitt veldig godt motteke på Tysnes.

– Ho får framleis mykje heimastrikka klede. Men det er sjølvsagt nokre som er skeptiske, og lurar på korleis ein mann som er einsleg homofil skal klara å ta vare på eit barn. Dei seier ikkje dette direkte til meg, men eg høyrer det gjennom andre.

– Skal du ha fleire born då?

– Eg har ikkje det i planen no i alle fall, men eg har alltid hatt lyst på ein stor familie.

Pappas kjærlighetsbarn – teaser from Pandora Film on Vimeo.