Nye reglar forbyr dyr roaming

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er ein ny avtale mellom EU-parlamentet og EU-formannskapet som sørgjer for at dei såkalla roamingavgiftene forbys frå 2017, opplyser nyheitsbyrået Ritzau. Gjennom EØS-avtalen vil dei same reglene gjelde for Noreg.

Ynskjer endring alt no

– Vi har ikkje sett den endelege teksten enno, men vi stiller oss positivt til vedtaket. EU sender eit klart og tydeleg signal på at det må bli slutt på dyre samtalar og surfing i utlandet. Det er framleis ei stund før reglane er implementert, så vi håper mobilselskapa tar dette på alvor og alt no tilbyr betre priser og avtalar, seier fagdirektør for digitale tenester Finn Lützow-Holm Myrstad i Forbrukarrådet til NTB.