Her får du mest for skattekronene

Neste gong du køyrer forbi Oppdal, kanskje du berre skal bli? Kommunen får nemleg ros på alle punkt i årets kommunebarometer.

Ida Bergitte Andersen Hundvebakke
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kommunebarometeret er ei årleg kåring som syner kor godt kommunane driv, altså kor gode tenester skattebetalarane får for pengane sine.

– Oppdal er ein fjellkommune som låg godt an sidan det første Kommunebarometeret i  2010. Kommunen kjem godt ut på alle områder, særlig på grunnskule, vatn, avløp og renovasjon, barnehage, barnevern, økonomi, kostnadsnivå og eldreomsorg, sa ansvarleg redaktør Britt Sofie Hestvik i Kommunal Rapport då hun delte ut prisen til ordfører Ola Røtvei (Ap) og rådmann Dagfinn Skjølsvold.

– Eit paradoks

På andreplass finn vi Gloppen kommune. Ordførar Anders Ryssedal er nøgd.

– Dette fortel glopparane og alle andre, at i Gloppen blir det jobba godt, seier til NRK Sogn og Fjordane.

Også fleire kommunar i Sogn og Fjordane kjem godt ut i målinga. Førde, Stryn, Jølster og Eid er inne blant dei 50 beste i landet, justert etter inntektsnivået til kommunane. Ryssedal seier til NRK at det er eit paradoks at ein på den eine sida leverer resultat i landstoppen, samstundes som ein blir oppmoda om å slå seg saman med andre.

– At ein då skal slå saman kommunar for å gje enno betre tenester, det kan virke litt merkeleg, seier Ryssdal.

Mest framgang i fruktkommune

 «Årets stjerneskudd» er Ullensvang kommune. Kommunal Rapport skriv at fruktkommunen i Hordaland hadde framgang på nesten alle områder i 2014. Det er første gang Kommunal Rapport deler ut ein pris til kommunen med størst framgang.

Ullensvang har størst framgang innan grunnskule, barnevern, barnehage, sosialteneste og saksbehandling. Få elevar skårar lågt på nasjonale prøver på 9. trinn, og nesten alle fullfører vidaregåande. Kostnadane i grunnskulen går ned etter to skulesamanslåingar hausten 2013.

Samla går Ullensvang herad 222 plasser opp frå ein 332.plass i fjor til 110.plass i år. Då er fjorårets barometer oppdatert med årets kriterier, slik at dei to målingane er samanliknbare.

Vanskeleg demografisk utvikling

På den andre enden av skalaen finn ein fleire Finnmarkskommunar. Seks av dei ti kommunane som scorar dårlegast i barometeret ligg i dette fylket.  Porsanger, Gamvik og Vardø utgjer botnplasseringa her. Prosessvegleiar Bente Larssen ved Fylkesmannen i Finnmark seier til Kommunal Rapport at dei har ei vanskeleg demografisk utvikling.

– Der det er befolkningsvekst skuldast det utanlandsk innflytting. Vi har små og sårbare lokalsamfunn som skal levere lovpålagte tenester, for eksempel barnevern. Vi har problem med rekruttering og fagmiljø, til dømes å skaffe nok legar og sjukepleiarar, sa Larssen.

Prosessvegleiaren fekk spørsmål frå salen om kvifor måleresultata blir dårligare og dårligare jo lenger nord ein kjem.

– Svaret ligg mykje i tradisjon. Vi har vent oss til eit lågt nivå og stiller ikkje krav. Det dreier seg om kultur og haldningar. Ein er ikkje svoltne på å vise at ein får betre resultat. Vi må kanskje legge oss litt av med å tenke at det er greitt som det er.