Grøn medvind i distrikta
Miljøpartiet Dei Grøne står på terskelen til eit landsgjennombrot og stiller lister i nær halvparten av kommunane under valet til hausten.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Mykje har skjedd med det tradisjonelle «bypartiet» sidan kommune- og fylkestingsvalet for fire år sidan. Partiet er ikkje lenger berre eit urbant parti for miljømedvitne byfolk, men engasjerer over heile landet.
Ved det komande kommune- og fylkestingsvalet stiller Miljøpartiet Dei Grøne lister i 201 kommunar. Til samanlikning stilte dei liste i 55 kommunar for fire år sidan.
– At me no stiller til val i nær fire gonger så mange kommunar som i 2011, er eit resultat av systematisk og målretta arbeid, seier partisekretær Lars Gaupset i Miljøpartiet Dei Grøne.
– Rett etter stortingsvalet i 2013 sette me oss som mål at me skulle stilla tre gonger så mange lister i neste lokalval. Og det målet har me nådd, fortel partisekretæren.
LES OGSÅ: Regjeringa opprettar oljevern-sekretariat
– Har gjort ein stor jobb
Professor i statsvitskap Bernt Aardal ved Universitetet i Oslo har følgd norske val i ei årrekkje, og er litt overraska over kor mange kommunar som har MDG-lister i det komande valet.
– Det er interessant at Miljøpartiet Dei Grøne har klart å stilla liste i så mange fleire kommunar enn for fire år sidan. Éin ting er at me har høyrt om MDG ei stund og at det har gått bra på meiningsmålingane. Det har gjort at partiet har fått draghjelp, men det er jo ein stor jobb å etablera lokallag og stilla lister i så mange kommunar, seier Aardal.
– Berre det at dei har så mange lister vil nok bidra til at dei gjer eit godt val, legg valforskaren til.
Han understrekar at det å stilla lister breitt under kommuneval er ein viktig og strategisk måte å byggja parti på.
– Dei lokale politikarane skaffar seg tillit og viser at dei kan samarbeida, som igjen skapar oppslutnad nasjonalt. Det var denne vegen Framstegspartiet gjekk i si tid, dei jobba heilt bevisst på lokalt plan, seier Aardal.
LES OGSÅ: Shit, dette kjem til å skje
Lister i små kommunar
Statistikken Nynorsk pressekontor har laga, syner at førtifem av kommunane der MDG no stiller liste, er såkalla småkommunar, med færre enn 5.000 innbyggjarar. I førti av desse kommunane var det ikkje MDG-liste for fire år sidan.
Aardal er imponert over dette, men ikkje overraska over at bypartiet no blir eit landsparti. Miljøsaka er langt ifrå ei bysak.
– Det er mange lokale miljøspørsmål som har vore mykje oppe i debatten den siste tida, der Miljøpartiet kan henta mykje oppslutnad lokalt. Det er alt frå spørsmål om vindmøller til gruvedrift, som til dømes avfallsdeponiet i Førdefjorden, seier Aardal.
Partisekretæren fortel at MDG har brukt mykje ressursar på å greia å stilla lister i mange og små kommunar.
– MDG har jo hatt rykte på seg for å vera eit byparti, men det ville vera feigt å satsa berre der me er sterkast. Me er eit parti med ambisjonar som ynskjer å nå langt breiare enn berre i dei store byane. Mange av dei viktigaste sakene våre er dessutan distriktssaker, som jordvern og berekraftig havbruk. Det er viktig å ha oppslutnad lokalt for å få gjennomslag for det, seier Gaupset.
Faktaboks
* Akershus: Hurdal, Gjerdrum, Enebakk, Fet, Nannestad, Frogn, Aurskog-Høland, Vestby, Sørum, Rælingen, Nesodden, Ås, Nes, Nittedal, Eidsvoll, Oppegård, Ski, Ullensaker, Lørenskog, Skedsmo, Asker, Bærum.
* Aust-Agder: Tvedestrand, Risør, Lillesand, Arendal
* Buskerud: Gol, Hole, Hurum, Modum, Øvre Eiker, Nedre Eiker, Røyken, Lier, Kongsberg, Ringerike, Drammen.
* Finnmark: Lebesby, Vardø, Vadsø, Sør-Varanger, Hammerfest, Alta.
* Hedmark: Åmot, Tynset, Trysil, Løten, Kongsvinger, Stange, Elverum, Hamar, Ringsaker
* Hordaland: Bergen, Masfjorden, Samnanger, Tysnes, Austrheim, Fusa, Vaksdal, Austevoll, Radøy, Sveio, Sund, Meland, Osterøy, Kvam, Bømlo, Kvinnherad, Voss, Lindås, Stord, Os, Fjell, Askøy.
* Møre og Romsdal: Tingvoll, Surnadal, Sula, Volda, Haram, Ørsta, Kristiansund, Molde, Ålesund.
* Nordland: Flakstad, Nesland, Gildeskål, Hemnes, Andøy, Sortland, Vestvågøy, Narvik, Bodø.
* Nord-Trøndelag: Grong, Inderøy, Namsos, Verdal, Levanger, Steinkjer, Stjørdal.
* Oppland: Vang, Vestre Slidre, Sel, Gausdal, Jevnaker, Nordre Land, Lunner, Vestre Toten, Østre Toten, Gran, Lillehammer, Gjøvik.
* Oslo
* Rogaland: Suldal, Randaberg, Tysvær, Gjesdal, Strand, Time, Hå, Klepp, Sola, Haugesund, Karmøy, Sandnes, Stavanger.
* Sogn og Fjordane: Aurland, Naustdal, Fjaler, Høyanger, Årdal, Gloppen, Stryn, Flora, Førde.
* Sør-Trøndelag: Trondheim, Snillfjord, Agdenes, Selbu, Hemne, Hitra, Frøya, Bjugn, Røros, Klæbu, Rissa, Skaun, Orkdal, Malvik, Melhus.
* Telemark: Kviteseid, Seljord, Sauherad, Tinn, Bø, Kragerø, Notodden, Bamble, Porsgrunn, Skien.
* Troms: Tromsø, Storfjord, Gáivuotna Kåfjord, Lyngen, Skånland, Nordreisa, Balsfjord, Harstad.
* Vest-Agder: Hægebostad, Kvinesdal, Songdalen, Lyngdal, Flekkefjord, Farsund, Søgne, Vennesla, Mandal, Kristiansand.
* Vestfold: Lardal, Tjøme, Re, Holmestrand, Stokke, Nøtterøy, Horten, Tønsberg, Larvik, Sandefjord.
* Østfold: Hvaler, Våler, Hobøl, Spydeberg, Råde, Rakkestad, Rygge, Askim, Halden, Moss, Sarpsborg, Fredrikstad.
I nokre få kommunar stiller MDG samarbeidsliste med andre parti. Desse er ikkje med i statistikken. (©NPK)