Denne hekkesesongen er det anslått å vere 289.000 par lundefuglar på øya Røst i Nordland. Det er den lågast registrerte bestandsstorleiken nokon gong.

(NPK):
(NPK):

Øykommunen ytst i Lofoten har lenge hatt ein dei største og viktigaste lundefuglkoloniane i verda, fortel Nationen. Men i år er talet lundepar rekordlåge på 289.000, ifølgje seniorforskar Tycho Anker-Nilssen ved Norsk institutt for naturforsking (Nina).

LES OGSÅ: Ornitologar ville stoppa Star Wars-innspeling

Går ein tilbake til 1980 var det 1,5 millionar lundepar på Røst. Nedgangen frå 2014 til 2015 er på rundt sju prosent. Året før var tilbakegangen på 20,5 prosent. Anker-Nilssen viser til at både matmangel og skiftande klima gjer det vanskeleg for lundefuglane å fostre opp ungane.

– Lundefuglane på Røst har ikkje fått fram ungar sidan 2006. Dermed har det åtte år på rad vore null tilvekst til lundebestanden her, seier han til Nationen.

Starten på årets hekkesesong ser ifølgje forskaren førebels bra ut, men det har vore tilfelle også tidlegare somrar – før lundane plutseleg gir opp egg eller ungar. (©NPK)

LES OGSÅ: Dommar gjev sjimpansar menneskerettar

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.02
ANNONSE