Alt i juni månad passerte talet på medlemmer i Den Norske Turistforening (DNT) det totale medlemstalet for 2013.

NPK
NPK

I 2013 hadde Turistforeininga 250.965 medlemmer. Tal for juni månad i år viser eit medlemstal rett over 251.000 personar.

LES OGSÅ: I 2015 skal fleire ut på tur

Kan bli rekord
Organisasjonen har aldri før hatt så mange medlemmer så tidleg på året, opplyser kommunikasjonsrådgjevar Mari Stephansen.

Det kan gå mot eit nytt rekordår.

– Ja, det ser veldig lovande ut. I og med at vi går mot ei tid der tradisjonelt sett mange melder seg inn, har vi god tru på rekord, fortel Stephansen i ein e-post.

I fjor hadde DNT over 257.000 medlemmer.

LES OGSÅ: Det trivelege marerittet

Også medlemmer frå utlandet
Blant den kvarte millionen som er med i friluftsorganisasjonen, finn vi også ei gruppe utanlandske medlemmer. Rundt 8.700 personar frå andre land er DNT-medlemmer, og tyskarar, nederlendarar og danskar utgjer halvparten av gruppa. Dei utanlandske medlemmene kjem i hovudsak for å gå på tur om sommaren.

– Mange av turistane som kjem til Noreg for å nytta seg av tilbodet vårt, går frå hytte til hytte, men mange vel òg å bu fast på ei hytte for så å ta dagsturar derifrå, opplyser Stephansen.

Talet på utanlandske DNT-medlemmer har vore nokså stabilt dei seinare åra.

– Av våre 250 000 medlemmer, er dei ikkje noko stor gruppe sånn sett, men dei er viktige med tanke på at dei spreier ordet om DNT utanfor grensene til Noreg, meiner kommunikasjonsrådgjevar Mari Stephansen.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.02

LES OGSÅ

ANNONSE