Regjeringa tok fredag det første steget på vegen mot etableringa av eit eige oljevern- og miljøsenter i Lofoten og Vesterålen ved å lyse ut stillinga som dagleg leiar for eit mellombels sekretariat.

mm

Sekretariatet skal greie ut om lokalisering, arbeidsoppgåver, organisering og finansiering av senteret og skal halde hus hos Kystverket i Kabelvåg på Austvågøy i Lofoten. Dei skal ha ferdig ein førebels rapport innan 1. juli neste år og ein endeleg rapport innan 1. januar 2017.

LES OGSÅ: New York Times: Olje-Noreg er hyklersk

– Forslaget vi får frå sekretariatet blir eit viktig bidrag når regjeringa skal ta den endelege avgjerda om etableringa og lokaliseringa, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp).

– Det er viktig at vi får fagleg vurdert kva oppgåver eit oljevern- og miljøsenter i Lofoten og Vesterålen bør ha. Senteret skal ikkje berre vere eit depot for lagring av utstyr, seier han. (©NPK)

LES OGSÅ: Tretten kommunar jobbar ikkje med olje

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.02
ANNONSE