Are Kalvø såg på statsministeren sin pressekonferanse, der ho skulle oppsummera alt regjeringa har fått til. Han ønskjer seg ei regjering med humor.

mm

Denne veka har eg sett leiaren i Senterpartiet bli intervjua ruslande i støvlar. KrF-leiaren har blitt intervjua med uryddig skjortekrage. Dei journalistane som ikkje intervjuar partileiarar i fritidstøy, er stort sett ute og køyrer båt. Det er med andre ord endelig sommar.

Det siste teiknet på at det er på tide å ta sommar no, er at statsministeren har halde sin pressekonferanse der ho oppsummerer regjeringas siste halvår medan ho prøver å skjule at ho eigentlig skulle ønske at ho var på hytta.

Hovudbodskapen til statsministeren, var at regjeringa leverer. Ho understreka dette i intervju etter pressekonferansen. Vi leverer på det vi sa i valkampen, sa ho. Vi leverer på eldreomsorg. Vi leverer på helsekøane.

Test deg sjølv: Kva veit du om Høgre?

Dette er det lett å latterliggjere, sjølvsagt. Kva er det regjeringa leverer på helsekøane, for eksempel? Pizza? Og leverer dei også på døra? Eller berre på eldreomsorg?

Men det blir for enkelt. La oss nøye oss med å slå fast at vi har ein statsminister som er fornøgd med eigen innsats. Og snakkar som ein Idol-dommar frå 2003. Men det kunne vore verre. Tidligare har vi hatt statsministrar som snakkar som sosialøkonomar. Eller som romsdalingar.

Det er også altfor lett å latterliggjere at skryterapporten om regjeringas innsats heiter #minregjering, med ei oppfordring til å dele erfaringane med regjeringa vår på nettet. Ei regjeringa som har oppdaga emneknaggar og Internett, er det sjølvsagt veldig lett å gjere narr av. Det er som med pappadansing. Det kan vere både flautt og foruroligande med folk som gjer noko som ikkje fell heilt naturlig for dei.

Men det er for enkelt. Og ærlig talt: Det er, trass alt, mykje verre med ein pappa som aldri dansar. Og det ville sjølvsagt vore mykje verre om vi hadde ei regjering som delte ut stensilar.

Eit problem med nettet, er at det er så altfor lett å vere morsam der. Og ei regjering som prøver å vise at dei beherskar moderne kommunikasjon, er sjølvsagt akkurat sånt som vekker alle på nettet som vil vere morsamme.

Derfor tok det sjølvsagt ca fire sekund før folk brukte emneknaggen #minregjering til å vere spydige og/eller kritiske.

#minregjering dumpar gift i fjordane våre.

#minregjering klarte ikkje eingong å sende mulla Krekar til Kyrksæterøra.

Osv. Osv.

LES OGSÅ: La han bli! Pliiis!

Det er så veldig lett å vere morsam på denne måten. Kven som helst kan klare det. Også folk som ikkje er morsamme. Kanskje spesielt folk som ikkje er morsamme. Eller opposisjonspolitikarar, som vi like godt kan kalle dei.

Og det vil eg tru at hjernane bak #minregjering veit, og lever godt med. Merksemd er merksemd. Og nett-komikarane spreier bodskapen for dei.

Men det hadde vore artig å lure dei lettvinte nett-komikarane ein gong. Og det er sannsynligvis ikkje spesielt vanskelig. Impulsen til alle som er kritiske til dei store og mektige på nettet, er å gjere det motsette av det dei blir bedt om. Viss regjeringa ber deg seie noko fint om regjeringa, så seier du noko stygt om regjeringa.

Hadde det ikkje vore litt stilig viss statsministeren på neste oppsummeringspressekonferanse tok konsekvensen av dette, og var negativ? At ho berre hoppa over alt skrytet om levering, ramsa opp alt som har gått skeis og oppfordra alle til å dele sine erfaringar og bruke emneknaggen #viharikkjefåtttileindritiårheller.

Folk ville blitt så forvirra. Kva ville skjedd? Ville folk på nettet begynt å trøste regjeringa? Og ramse opp ting dei har fått til?

Eg veit ikkje. Men det kan tenkast.

Men dette kjem jo ikkje til å skje, sjølvsagt. For då måtte vi hatt ei regjering med humor. Og det er det vanskelig å tenke seg. Og flautt.

Ei morosam regjering. Det er i alle fall som pappadansing.

Det beste vi kan håpe på, er nok ei regjering som leverer på humor. Og sjølv det trur eg er for mykje.

Teksten var først publisert i Aftenposten 27. juni

LES OGSÅ: KrF er artigast på Stortinget

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.02
ANNONSE