KrF er artigast på Stortinget

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Får flest til å le på Stortinget

Bloggen «Holder de ord» har funne ut at Jens Stoltenberg var den klart artigaste politikaren mellom 2008 og 2015. Det har dei funne ut ved å gå gjennom referat frå Stortinget og leitt etter merknader som «munterheit i salen» og «latter i salen». Lenger nede i saka kan du sjå døme på nokre av desse latterkulene.

Ut frå dette har dei laga ein uhøgtideleg statistikk over dei artigaste politikarane på Stortinget.

Foto: Skjermdump, Holder de ord

Her syner det seg at Jens Stoltenberg toppar statistikken klart – han har fått Stortingssalen til å bryta ut i latter heile 18 gonger i perioden. Han følgjer med det i fotspora til ein annan Ap-profil – Thorbjørn Jagland. I løpet av året etter valet i 2005 fekk han salen til å le seks gonger. Også den gong var Jens Stoltenberg høgt oppe – den gong på andreplass.

TEST DEG SJØLV: Kva veit du om KrF?

KrF får flest latterbomber per innlegg frå talarstolen. Foto: Skjermdump, Holder de ord

LES OGSÅ: Han forsvarte regjeringa – med nødrim

Ikkje bevisst KrF-politikk
Men det artigaste partiet heiter Kristeleg Folkeparti. Dei har høgast treffprosent på vitsar levert frå talarstolen, ifølgje undersøkinga til «Holder de ord».

– Det å formidla bodskapen på ein måte som appellerer, og gjerne med humor, er aldri ei ulempe. Men det er ikkje bevisst strategi frå KrF, seier partileiar Knut Arild Hareide til Framtida.no.

Han hamna på fjerdeplass i rangeringa, bak Ap-travarane Stoltenberg og Jonas Gahr Støre, medan Hareide sin partikollega Hans Olav Syversen tok ein solid andreplass på kåringa med åtte latterbomber.

– Ein kan få ein alvorleg bodskap fram, sjølv om ein gjer det med glimt i auget. Eg ser at den som brukte humor mest var Stoltenberg, og han kan formidla både alvor og humor. Det kan vera kraftfullt, og ein tydeleg bodskap treng ikkje komma i konflikt med litt retorisk snert av humor. Det er ingen motsetning, men kan ha ein positiv effekt, seier Hareide.

Undersøkinga viser og at den artigaste perioden på Stortinget dei siste åtte åra var frå 2011 til 2012. Slik kan det foregå når Stortingssalen bryt ut i latter.

LES OGSÅ: Ta den, regjeringa!

Avgjer ikkje politikken
Hareide trur ikkje latter i Stortingssalen har stor effekt på kva forslag som går gjennom og ikkje.

– Eg trur nok ikkje det, men ein kan nok få fram ein ekstra entusiasme rundt arbeidet. Argumenta i seg sjølv avgjer saker, og det er heller ikkje stortingsdebatten som påverkar mest kor ein landar.

Har Stortingspolitikarar generelt humor?

– Ja, det tenkjer eg. Og det finst god humor i alle parti. Den eg sist hugsar brukte humor var Audun Lysbakken, då han kommenterte arbeidsmiljøloven og KrF. Eg var ikkje einig i kritikken, men eg tykte han var morosam, og han fekk mykje merksemd rundt kommentaren. Det skapte også munterheit i salen, sjølv om det ikkje var Stortinget denne gongen, seier Hareide.

Han siktar til opninga av Sosialistisk Venstreparti sitt landsmøte sist helg. Det var kort tid etter ei ny arbeidsmiljølov vart vedteken då KrF styrka fleirtalet, og i den nye lova vert det mellom anna opna for meir jobbing på søndagar.

– Som det heiter i Bibelen: på seks dagar skapte Herren jorda og havet og alt som er i dei, den sjuande dagen kvilte han. Men berre fordi han hadde jobba søndagsvakt dei tre føregåande helgene, sa Lysbakken då. Til latter frå salen.

LES OGSÅ: No vert det meir søndagsjobbing