Den første veka på turen Tromsø - Bømlo var prega av knall og fall, regn og motvind, snøskredvarsel(!), aude ferjeleie og flate dekk.

Frank G. Stenersen, Bømlo-Nytt
Frank G. Stenersen, Bømlo-Nytt

Saka var først i Bømlo-nytt

Å bestemme seg for å sykle 200 mil etter ein prat over kaffikoppen i kantina, er vel noko dei færraste kunne ha funne på. «Sykkelfruene» Linda Sjøvold Stensen og Maria Daouli er nettopp blant dei færraste, og etter om lag 35 mil på tohjulingen legg dei ikkje skjul på at

– Det begynner å gå opp for oss kor langt dette er, ler Linda, seks dagar etter at dei tasta Bømlo inn på gps-en.

– Dette er den første dagen med nokolunde fint vêr. Så langt har det berre vore regn og motvind, så no håpar me på sommaren, seier ho.

Bømlo-nytt snakka med dei vegfarande studentane torsdag sist veke, og stemninga var på topp trass i at førstehjelpsskrinet allereie hadde vore flittig i bruk.

– Det har blitt nokre fall og blåveisar og fleire vil det sikkert bli. Ikkje minst var det uvant med sykkelsko som låser seg til trøene, noko som skal ha skulda for mykje av dette, fortel syklisten lattermildt.

LES OGSÅ: I 2015 skal fleire ut på tur

Statoilburger

Det er to år sidan den spreke bømlingen frå Urangsvåg tok til som student ved Fiskerihøgskulen i Tromsø.

Her vart ho kjent med turkameraten Maria som no er på si første pilegrimsferd til Bømlo.

Syklane og sykkeltilhengjaren er pakka til bristepunktet med alt dei kunne få behov for i løpet av turen.

– Me har alt frå plaster til telt med oss, så me er budd på det meste, forklarar Linda.

Og det kjem godt med.

– Me hadde nok ikkje førebudd turen så godt som me burde. Me tenkte å overnatte i telt når det var naudsynt, og ta inn på hotell eller hytte når det er mogeleg. Men på denne tida av året er det for det meste fullt, så me burde nok ha ringt litt rundt på førehand, ja, smiler ho sjølvkritisk.

– Det er først når ein sit på sykkelsetet at ein forstår kor langt det er mellom bensinstasjonane, ler ho og fortel at det har blitt ein del bensinstasjonsburgarar på turen.

LES OGSÅ: Går og bloggar Noreg på langs

10-12 mil kvar dag
Så langt har dei lagt bak seg 5-7 mil asfalt kvar dag, og målsetjinga er å rulle over Bømlabrua om knappe fire veker.

– Då må me i tilfelle trappe opp tempoet litt, og kjem nok til å satse på etappar på 10-12 mil framover. Samtidig er det så mykje flott å oppleve langs vegane og me stoppar opp og er turistar når me føler for det, seier ho.

Mellom anna brukte dei god tid og lét syklane stå både i Svolvær og Lofoten.

– Det var ein stad me begge ville besøkje, så dei første dagane gjekk mykje til sightseeing. Som studentar ved fiskerihøgskulen var det nesten obligatorisk for oss å oppleve desse tradisjonsrike fiskeværa, fortel ho.

Gler seg til ferie
– Korleis reagerte familie og vener på planane om å sykle heim til Bømlo?

– Dei trudde nok ikkje heilt på det i byrjinga men forstod etter kvart at me meinte alvor, seier ho.

– No får me berre håpe at me klarar å fullføra og me er absolutt optimistar enno, sjølv om det går litt trutt av og til, seier syklisten.

– Og når du kjem heim, kva då? Ein sykkeltur rundt øya kanskje?

– Nei då blir det ikkje sykkel på ei tid. Då skal eg berre nyte resten av sommarferien i lag med familien, noko eg ser veldig fram til no, seier Linda.

LES OGSÅ: Han skal få fleire ut i naturen

Blest om ME
Bakgrunnen for turen var eit ynskje om å informera om og samle inn pengar til forsking mot ME. Dei har derfor starta bloggen «Sykkelfruer» der dei legg ut bilete og fortel om turen mot sydlegare breiddegrader.

Far hennar fekk diagnosen for over 10 år sidan.

– Det er stadig fleire som får diagnosen kronisk utmattingssyndrom, men likevel er det mange mytar om denne sjukdommen. Dei som blir råka føler seg ofte mistenkeleggjort og mange trur det berre er snakk om å ta seg saman og tenkje positivt. Så enkelt er det sjølvsagt ikkje, seier Linda.

ME-pasientar fortel om ein kvardag prega mellom anna av svimmelhet, kvalme, smerter i musklar og ledd, kramper, kognitive vanskar og hovudverk.

– Det viktigaste med denne turen er å skape merksemd om sjukdommen og samle inn pengar til forsking mot ME, seier ho.

LES OGSÅ: – Vi skikøyrarar er bortskjemde dritungar

På nett
Bømlingar og andre som ønskjer å bli med på turen, men som kan klare seg utan skrubbsår, punkteringar, klede våte av sveitte den eine dagen, klede våte av regn den andre dagen, gnagsår på stumpen og uendeleg mange mil med landeveg foran seg, kan gjera det online.

På bloggen «Sykkelfruene» legg dei kvar dag ut bilete og småglimt frå turen. For det er ikkje småtteri ein kan oppleve på den 200 mil lange ferda, om ein orkar å løfte blikket opp frå asfalten då vel å merke. På bloggen har dei lagt ut ei rekkje flotte og stemningsfulle naturbilder i tillegg til å skrive dagbok om ferda sørover.

Senja, Finnsnes, Svolvær og Bodø er berre nokre av stoppestadane. I Lofoten fekk dei oppleve den gamle handelsstaden mens dei sette av god tid til å bli kjent med tørrfiskproduksjonen i Svolvær. At tørka torskehovud visstnok er ein delikatesse i Nigeria kan ein òg lesa seg opp om på bloggen. Det har blitt gardsbesøk og møte med trivelege firbeinte husdyr i tillegg til omvising på ein rotnorsk ranch.

I Inndyr i Gildeskål kommune fekk dei vera med på det årvisse Midtsommartreffet, smake på potetkaker med brunost og rømme og utfordra til handbak av Team Armwrestling Norway.

Og enno har dei strekninga Sandnessjøen – Bømlo framfor seg.

Det er berre til å gle seg.

LES OGSÅ: Han har utruleg nok aldri knekt eit bein i kroppen

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.02

LES OGSÅ

ANNONSE