Han skal få fleire ut i naturen

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kan bli ny leiar i DNT Ung

Stig Øystein Schmidt (20) frå Luster har allereie vore nestleiar i Den Norsk Turistforeining (DNT) Ung i to år, og er godt kjend med oppgåvene han skal ta over som leiar. Før landsmøtet i helga er han innstilt som leiar – og han gler seg til å ta over.

– Eg ser på det som eit stort ansvar, men det blir veldig kjekt. DNT har eg jobba med lenge, og eg trur det blir stas å sitja i leiarstolen.

For at han ikkje skal ta over den posisjonen må ein annan kandidat "benka", altså sjølv stilla som leiar, og få fleirtal i valet. Det skjer sjeldan, og sjansen er difor veldig stor for at Schmidt tek over leiarstolen.

LES OGSÅ: – Kan eg få det til, kan alle

Motivasjon frå bæremeisen
DNT Ung er basert på frivillig arbeid, og det er difor ikkje ei høgt lønna leiarstilling Schmidt kan gå inn i.

– Det er ikkje noko godtgjersle involvert, og mange ettermiddagar og helger utan løn. Men ein må ha noko å gjera på, tenkjer eg.

Motivasjonen for å legga så mange timar inn i DNT, har han hatt heile livet.

– Eg har alltid hatt det kjekt ute på tur, frå eg var liten i bæremeisen. Eg får så mykje igjen for det, og om eg kan hjelpa andre til å få slike naturopplevingar, er det verd å legga mykje tid i. Det er det DNT handlar om, å skapa gode naturopplevingar, seier Schmidt, og fortel at motivasjonen ikkje er svinnande heller.

– Med eit medlemstal på 32.000 ser eg at me når ut breitt. Det er motivasjon til å halda på meir.

LES OGSÅ: – Eg hadde 200 hjarteslag i minuttet

Friluftsambassadør
Ved sida av vervet i DNT Ung er Schmidt student i Volda og redaktør for studentavisa Peikestokken. Det kan by på utfordingar i timeplanen.

– No skal Peikestokken i trykken same helg som eg reiser på landsmøte. Det kan bli spennande, eg har ikkje prøvd det før, seier Schmidt noko nervøst. Men han trur det skal gå bra.

– Eg likar å vera travel. Eg får gjort mykje når eg har press på meg. Det går slag i slag, men det er ting eg er investert i, så det er kjekke ansvar å ha.

2015 er Friluftslivets år, og Schmidt er allereie ambassadør for året. Ambisjonen for året er kort og grei:

– Å få flest mogleg til å oppleva naturen!

LES OGSÅ: I 2015 skal fleire ut på tur