Utfordrar heile Noreg til å finna fram polfararen i seg
Changemaker arrangerer klimafest i Bergen i helga. – Me treng folk. Me må mobilsera ungdom til å prøva å få politikarane til å handla, seier Hanne Sofie Lindahl.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
- Finn fram polfararen i deg
I månadsskiftet november-desember møtest toppleiarane i verda til klimatoppmøte i Paris, det 21. i rekkja.
– Store omleggingar må gjerast. Kampanjen vår spør om politikarane er modige nok til å starta på vegen mot lågutsleppssamfunnet. Me har teknologien og løysingane. Det me no treng er tøffe politikarar, seier Changemaker-leiar Hanne Sofie Lindahl til Framtida.no.
I første omgang ønskjer Changemaker at Noreg fjernar leiterefusjonsordninga og dei særeigne avskrivningsreglane for petroleumsnæringa. Samtidig meiner dei at Noreg må byggja opp tilsvarande støtteordningar for utvikling og utprøving av ny miljøteknologi som petroleumsnæringa har nytt godt av.
– Eg bryr meg om fattigdom og fordeling og synest Changemaker er ein fin organisasjon, seier Bosajo Berger Eid.
Sommarleir
Denne veka har over hundre ungdommar frå Changemaker og søsterorganisasjonane deira i Norden og Tanzania, Kenya og Kambodsja vore på Halsnøy i Sunnhordland på sommarleir. Her har dei hatt ei drøss med spennande føredrag og førebudd Klimafest og kampanjestart i heimbyen til statsministeren.
Fredag brakar det laus med ekspedisjon på Torgallmenningen om ettermiddagen og konsert på Kvarteret om kvelden.
Framtida.no var med dei på dei siste førebuingane på torsdag.
– Me lagar vimplar til klimaekspedisjonen, fortel Andrea Lilledrange. Saman med Sara Bårdseth og Sarry Touch sit ho på golvet og limer stoffbitar i alle slags fargar på ei snor.
Laurdag skal dei saman med andre engasjerte ungdommar ta seg over Vidden, på fjellturen mellom Fløyen og Ulriken.
– Eg er veldig glad for å vera her, og eg lærer mykje. Dei lagar veldig gode kampanjar, seier Sarry Touch som kjem frå Changemaker i Kambodsja.
Står samla
Til no har ikkje organisasjonen i Kambodsja snakka noko om klimaendringane.
– Det er noko eg vil ta med meg heim. Eg vil snakka meir om klimaendringane heime. Me merkar det godt. Det er ofte veldig varmt; varmare enn eg hugsar det var då eg var barn. Det er mange bønder i Kambodsja, og dei merkar klimaendringane godt, seier Sarry Touch.
Ein annan av dei besøkande er Martin Kitaui, frå organisasjonen Kenya Youth Climate Network, som i fleire år har jobba for å setja klimaendringer på både den nasjonale og internasjonale agendaen. Han meiner at det er viktig at me sluttar å dela oss i blokker i rike og vestlege land, og ser klimaekspedisjonen som ein måte å visa at ungdom over heile verda står samla.
– Me må takla denne utfordringa som menneske. Alle har bidratt til klimaendringane, og alle må bidra til løysingane, seier Kitaui.
Enkel og viktig bodskap
Changemaker er kjent for å få laga mange kreative kampanjar:
LES OGSÅ:Oljefondet knusar hjarta våre
I staden for å kjefta på politikarane hadde dei ein lang kampanje der dei heia på finansminister Sigbjørn Johnsen for nokre år sidan.
Eller superhelten «Siggy», som dei kalla han.
Etter to år klarte dei å få regjeringa med på å gå inn for land-til-land-rapportering. Då feira dei han slik:
– Me jobbar gjerne eit heilt år for å utvikla ein kampanje, seier Håvard Aagensen, nestleiar i Changemaker.
Først handlar det om å setja seg grundig inn i dei kompliserte sidene av saka. Etter dette handlar det om forenkling.
– Me jobbar for å gjera det så enkelt som mogleg, slik at flest mogleg skal få med seg bodskapen, seier han. Ofte testar dei ut kampanjestunt gjennom dei 15 lokallaga til organisasjonen.
Utover hausten vil det bli fleire klimaekspedisjonar.
– Å dra på ekspedisjon handlar om å bevega seg utanfor komfortsonen. Me har målet og veit retninga. No er det tid for å gjennomføra, seier Hanne Sofie Lindahl.
Grønnpolen er målet for den nye kampanjen til Changemaker.
Faktaboks
Changemaker er ein ungdomsorganisasjon som arbeider for ei rettferdig verd. Changemaker er Kirkens Nødhjelp sin ungdomsorganisasjon, men har demokratisk sjølvstyre.
Kring 1500 medlemmar og 15 lokallag.