Sjarmerande tannpine
Bokmelding: Lettlestboka Tanntrøbbel av Anna Folkestad gjer det gøy å lesa.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Besta har så vondt i ei tann! Men tanna vil ikkje ut, og Besta vil ikkje til tannlegen. Korleis kan Bo hjelpa Besta ut av tannknipa? Tanntrøbbel er blant dei første bøkene i lettlestserien Leseland. Bøkene er tilpassa for born som lærer å lesa. Tanntrøbbel er på det første lesenivået, og har korte og enkle setningar og berre tre til ti ord på kvar side. Teksten er direkte kopla til bilda. Det hjelper borna å lesa både tekst og bilde samstundes.
Anna Folkestad er kjent for bøkene om Unni og Gunni og Henrik And. No kjem forfattaren frå Stord med ein god vri på historia om å ha tannpine. Med sjarmerande illustrasjonar blir det gøy å lesa. Eg håpar me får sjå meir til Besta og Bo i framtida!
Faktaboks
Anna R. Folkestad
Tanntrøbbel
Samlaget 2015